Hjem
Det juridiske fakultet
Slik var utvekslingsåret 2017

Det juridiske fakultet er best på utveksling

– Dei gode tala er eit resultat av målretta arbeid over mange år, seier studiedekan Halvard Haukeland Fredriksen.

Foto av skyline og veg ved Brisbane Australia
Austkysten av Australia er den mest populære destinasjonen for studentar ved Det juridiske fakultet. I alt 21 studentar reiste på utveksling til Bond University i 2017.
Foto/ill.:
Colourbox.no

Hovedinnhold

Onsdag 9. mai skal utdanningsutvalet behandle UiBs mobilitetsrapport for 2017. Her står det at Det juridiske fakultet sendte ut 165 studentar i 2017. Ingen andre fakultet ved UiB har like høge utvekslingstal.

Studiedekan Halvard Haukeland Fredriksen er godt nøgd med at så mange av studentane ved Det juridiske fakultet tek delar av utdanninga si utanlands.  

– Dei gode tala er eit resultat av målretta arbeid over mange år, seier Fredriksen.

Fire av ti reiser ut

I alt 40,8 prosent av studentane som vert uteksaminert frå Det juridiske fakultet har vore på utveksling i løpet av studietida. Talet for UiB sett under eitt er 26,6 prosent. Målet er at minst 40 prosent av alle studentane som tek ei grad ved UiB, skal ha vore på utveksling.

På det integrerte masterprogrammet i rettvitskap er det lagt opp til at du reiser ut på 4. eller 5. studieår. Jusstudentar som tek emne i utlandet får innpassa dette som ein del av dei valfrie delane av studiet. Dei kan ta både spesialemne og masteroppgåve i utlandet, og kan velje mellom ein rekke gode universitet over heile verda.

Fredriksen ønsker at endå fleire studentar skal oppdage verdien av å reise på utveksling.

–  Sjølv om vi er glade for tala for 2017, er målet at endå fleire av studentane vår skal våge spranget ut i verda. Målet vårt er å legge til rette for og tilby utveksling til alle studentar ved Det juridiske fakultet, seier Fredriksen.

Internasjonalisering på Dragefjellet

Nokre studentar kan av ulike årsaker ikkje dra på utveksling. Fakultetet vil gjerne gje desse studentane internasjonale perspektiv på utdanninga.

– Vi jobbar for å få til best mogleg «internasjonalisering heime», mellom anna ved å legge til rette for møteplassar mellom dei innreisande studentane og våre eigne studentar, seier Fredriksen.

– UiB er attraktivt for innreisande studentar

I alt 10,87 prosent av studentane ved Det juridiske fakultet er innreisande utvekslingsstudentar.
Studiedekanen er glad for at så mange internasjonale studentar vel å kome til Dragefjellet og UiB.
– Vi er eit attraktivt reisemål for utvekslingsstudentar frå ei rekke land, som kjem til oss i eit semester eller eit heilt år for å studere.