Hjem
Det juridiske fakultet
NY BOK:

Straffelova i antiterrorens tidsalder

I ønsket om å lage lover som vernar samfunnet mot terror, har sentrale individuelle rettar blitt lagt på bordet. No har det gått for langt, meiner professor Erling Johannes Husabø.

Erling Johannes Husabø
«Store samfunnsressursar har bli sette inn på å styrkje tryggleiken vår, og vi venner oss gradvis til nye restriksjonar på fridomen. Vi lever i antiterrorens tidsalder», skriv Husabø i boka «Terrorisme i norsk strafferett – Ein analyse av straffelova kapittel 18»
Foto/ill.:
Ida Bergstrøm/UiB

Hovedinnhold

11. september 2001 kapra nitten aktivistar frå Al-Quaida fire sivile passasjerfly. Med kort tids mellomrom blei dei styrta i World Trade Center, Pentagon og i Pennsylvania. 2979 menneske mista livet. Terroråtaket var det største som nokon gong hadde råka USA. Og følgjene av terrorhendinga skulle leie fram til djuptgripande politiske og militære endringar som også fekk store følgjer for det sivile samfunnet.

– Ein stille revolusjon, seier Erling Johannes Husabø om det som har skjedd. 

Han er professor ved Det juridiske fakultet og forskar på strafferett og internasjonal rett. I haust ga han ut boka «Terrorisme i norsk strafferett. Ein analyse av straffelova kapittel 18». Boka er ein kritisk gjennomgang av lovreglane og rettspraksis i terrorsaker.

«War on terror» og 15 nye paragrafar

– Etter 11.september skjedde det noko svært uvanleg: Tryggingsrådet i FN ga medlemsstatane eit pålegg om at dei skulle ha ei eiga lovregulering av terrorisme. Statane aksepterte dette. Same år, 5. oktober, kom ei provisorisk anordning frå Regjeringa. Herfrå har det berre balla på seg, seier Husabø.

Etter terroråtaket ville USA slå tilbake med ein «war on terror». Store militære styrkar blei sendt til Irak. I Noreg, som i Europa elles, blei nasjonale lovverk tilpassa den nye trusselen.

– Dette var noko heilt nytt. Nokre år før hadde eit offentleg utval konkludert med at norsk lov ikkje trengde særreglar for terrorhendingar. Også før 2001 var det straffbart å køyre lastebilar inn i folkemengder med fullt forsett, likvidere journalistar eller detonere dødelege bomber i det offentlege rom. Straffelova var dekkande, blei det sagt.

Dette skulle endre seg over natta i 2001.

– No har vi etter kvart fått eit heilt lovverk om terrorisme. Det har blitt i alt 15 paragrafar i straffelova, seier Husabø. Mange av desse avspeglar internasjonale reglar på området.

Korleis hindre nye åtak?

Dei nye lovene har gjort både terrormedverknad, terrorplanlegging, terroropplæring og terrorfinansiering forbode. Målet med lovene har vore klart: Å gjere politiet og rettsvesenet i stand til å hindre terrorisme. 

– Myndigheitene har villa sikra den allmenne tryggleiken med å kome terroråtaka i forkjøpet,  seier Husabø.

Terrorreglane har etter kvart blitt mange fleire og meir komplekse, forklarer Husabø. Noreg har mellom anna fått ein eigen regel om deltaking i og støtte til terrororganisasjonar. Dessutan har faren som «soloterroristar» representerer, kome meir i fokus.

Samtidig har åtaka kome nærmare. Tog-bomber i Madrid. Daude barn, borne ut frå skulen i Beslan. Ein soldat vart halshoggen på open gate i London. Massakre i avisa Charlie Hebdo. Nice, Brussel, Barcelona. Paris, Stockholm, København og Manchester. Og Oslo, i ein aksjon som ein sommardag i 2011 kosta 77 menneske livet. Terrorhandlingane i regjeringskvartalet og på Utøya og den påfølgjande straffesaka mot terroristen blei eit nasjonalt traume som prega den offentlege diskursen i lang tid. Spørsmålet vi måtte stille oss var: Korleis kunne Anders Behring Breivik ha blitt teken på eit tidlegare tidspunkt?

– Lovgjevar har overreagert

– Utfordringa er å utforme terrorreglane slik at dei er i samsvar med dei verdiane vi elles arbeider etter i norsk strafferett, seier Husabø.

Han viser til at det ikkje berre er straffereglane som har blitt vidare. Også heimlane for å bruke tvangsmiddel har blitt kraftig utvida. Desse trekka har både kvar for seg og saman ført til at balansepunktet mellom omsynet til den individuelle fridomen og vernet av samfunnet har blitt flytta. Enkelte av endringane har skjedd utan at lovgjevar har sett det totale biletet av kva som alt var gjeldande rett, meiner professoren.

«Redsla for terrorisme, og for å ikkje gjera nok mot terrorismen, har ført til at lovgjevar har overreagert, særleg ved lovrevisjonane i 2013 (§131 tredje ledd) og 2015 (§145 og 146). Halde opp mot vår strafferettslege tradisjon, slik denne kjem til uttrykk i grunnkrava til ei rettsstatleg straffelovgivning, har lovgivar på fleire måtar «gått frå konsepta», skriv Husabø i avslutningskapittelet til boka.

– Lovgjevar har gått frå konsepta, meiner du. Korleis har dette kome til uttrykk?

– Fleire av dei nyaste terrorparagrafane overlappar i stor grad med eksisterande reglar. Dette har gjort lovverket unødvendig komplisert. Ein har dessutan prøvd å strekke straffeansvaret bort mot – og i nokre tilfelle forbi - ei grense for det som er akseptabelt innan ein rettsstat.  Kva viss du vil lære deg engelsk fordi du vil ta eit språkkurs i USA fordi du kanskje vil køyre eit fly inn i ein bygning? Kvar i denne rekkja av handlingar skal du bli stoppa av lova? Når gjer du noko straffbart? Eit viktig prinsipp er at du berre skal straffast for handlingane dine, og berre når dei utgjer ein fare for andre. Tanken er fri. Å gje og ta i mot den informasjonen du vil ha, er ein menneskerett.

Framandkrigarar, farlege for kven?

– Ta «framandkrigarparagrafen» (§ 145) som seier at det er ulovleg å reise til utlandet for å ta del i ein væpna konflikt. Denne lova vart ikkje primært grunngjeve i omsynet til menneska som blir skadelidande av konflikten. Det var ikkje dei sivile i Syria ein har hatt i tankane då lova vart laga. Grunngjevinga var at framandkrigarane kan bli radikaliserte, og dermed bli farlege for oss når dei kjem heim. Difor vil vi fengsle dei før dei reiser. Med ei slik grunngiving er regelen i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, meiner Husabø.

– Dei ein særleg ville ramme med denne regelen  er personar som deltek i væpna grupper som avrettar vilkårlege sivile, tek gislar, bryt alle krigens reglar i eige land og spreier frykt i andre land. Å vere med i slike organisasjonar, ikkje berre slike som er svartelista av Tryggingsrådet, er allereie ulovleg som deltaking i ein terrororganisasjon, seier Husabø. Det er også denne regelen (§ 136a) som har blitt brukt i praksis.

– Også enkelte andre reglar ser eg på som unødvendige villskot. Hadde ein starta frå byrjinga, hadde det vore enklare. I boka kjem eg med framlegg til korleis ein kan rydde i lovverket, seier Husabø.

Straffelovgiving er ikkje nok

Boka hans har fått merksemd innan strafferettslege og samfunnsvitskaplege fagmiljø. Han er invitert til å halde eit foredrag i Justisdepartementet. Også blant påtalemakta og andre juristar som dei siste åra har måtte handsame terrorsaker, er interessa stor.

– Kan ein stoppe terrorismen med lov og rett, trur du?

– Nei. Uavhengig av om strafferamma er 21 eller 30 år vil nok ikkje dette verke avskrekkande på dei personane som kjem i modus for å utføre terrorhandlingar. Vi bør ikkje tru vi kan nedkjempe terrorismen med strafferett aleine.