Hjem
Det juridiske fakultet
Jusstudenter kan dra på utveksling til New York

New York blir ny utvekslingsdestinasjon

The Big Apple, Empire City, The City That Never Sleeps. Kall byen kva du vil - er du jusstudent ved UiB kan New York bli din nye studiestad.

Jusstudenter ved UiB kan reise på utveksling til USA
Frå og med hausten 2019 kan studentar ved Det juridiske fakultet reise på utveksling til Fordham Law School i New York for å ta eit semesterprogram ved Legal English Institute. Fordham har fleire lærestader i New York, Faculty of Law er å finne på Manhattan, i nærleiken av Central Park.
Foto/ill.:
Privat og Colourbox

Hovedinnhold

Ein delegasjon frå Det juridiske fakultetet ved UiB har nyleg vore i USA. Her gjorde leiinga ein ny avtale om utveksling med Fordham University, School of Law.

- Vi har lenge ønska å kunne opne for utveksling til New York. Avtalen med Fordham Law School er noko vi i fakultetsleiinga er svært nøgde med å endeleg ha fått på plass etter å ha vore i dialog med Fordham sidan 2014, seier dekan Karl Harald Søvig.

Universitetet ligg nær Central Park på Manhattan og har utdanna ei rekke kjende amerikanske dommarar, politikarar og diplomatar.

Frå og med hausten 2019 kan studentar ved Det juridiske fakultet ved UiB reise på utveksling til Fordham Law School for å ta eit semesterprogram ved Legal English Institute.

Gunstig avtale for UiB-studentar

Avtalen med den prestisjetunge lærestaden er gunstig for dei norske studentane, seier Ingrid Tøsdal, internasjonaliseringskoordinator ved Det juridiske fakultet.

- Vi har fått i stand ein avtale som gjer at våre studentar slepp unna med å betale berre ein liten del av skulepengane som studentar vanlegvis betalar for å studere her, seier ho. Eit semester på Fordham Law kostar vanlegvis nær 30 000 USD, mens studentane våre som blir rekna som «non-credit» studentar skal betale 4000 USD.

Seinkar karakterkravet

Det juridiske fakultet gjorde også ein annan ny avtale: Frå og med 2019 vil studentane kunne reise på utveksling til det høgt rangerte University of Minnesota også for berre eitt semester. Tidlegare har fakultetet hatt avtale om LLM ved University of Minnesota. Samtidig blir karakterkravet seinka.

- Vi veit at mange studentar gjerne vil studere i USA. No opnar dette høvet seg for fleire. University of Minnesota er så imponerte over studentane våre at dei ved fornying av avtala seinkar karakterkravet frå B til C+.  seier Karl Harald Søvig.

Dekanen oppmodar studentar om å reise på utveksling i løpet av utdanninga ved Det juridiske fakultet. Fakultetet har utvekslingsavtalar med ein rekke institusjonar over heile verda som studentane kan velje mellom.

- Å studere utanlands gir eit annleis fagleg perspektiv som er nyttig å ha med seg når ein skal arbeide som jurist, seier dekan Karl Harald Søvig.