Hjem
Det juridiske fakultet
BOK:

Å straffe dei mange skuldige

Dei største brotsverka har alltid mange medskuldige. Korleis kan dei rettsleg stillast til ansvar? Dette er kjernespørsmålet i boka «A Theory of Punishable Participation in Universal Crimes», skriven av jussprofessor Terje Einarsen.

bilde av hender
Foto/ill.:
Colourbox.no

Hovedinnhold

– Kven vil bli heldt ansvarleg for folkemord eller brotsverk mot menneskja i Myanmar? Kven skal svare for krigsbrotsverk i land som Afghanistan, Syria, Irak og Jemen? Og kvifor blir ikkje dei mest skuldige politiske og militære leiarane stilt til ansvar - men i staden omtala som respektable leiarar?

Spørsmåla vert stilt av jussprofessor Terje Einarsen ved Det juridiske fakultet, UiB. Denne veka gir han ut boka «A Theory of Punishable Participation in Universal Crimes» saman med professor Joseph Rikhof frå Universitetet i Ottawa.

Å straffe krigsbrotsverk og systematisk vald

Universal Crime er omgrepet som blir brukt om mest grufulle brotsverka i historia. Dei har ein ting til felles: Dei er utført av menneske i fellesskap. Ikkje av enkeltpersonar. Massakrane, utreinskingane og dei systematiske folkemorda i historia har alle blitt planlagt og utført av fleire medskuldige.

– Boka handlar om eit sentralt problem i strafferetten: Korleis kan ein normativt grunngje, tilordne og forsvare eit personleg strafferettsleg ansvar for enkeltpersonar som på ulike måtar har medverka til omfattande og alvorlege brotsverk som folkemord, krigsbrotverk og brotsverk mot menneskeheita? Ofte er det hundrevis eller kanskje fleire tusen personar som er involvert i det same brotsverket, seier Einarsen.

I boka er praksis ved seks internasjonale straffedomstolar analysert. Det same er praksis i tretti ulike land som har straffeforfølgd folkerettslege brotsverk i løpet av dei siste tjuefem åra – sidan Jugoslavia- tribunalet blei oppretta av FNs Tryggingsråd i 1993. Forfattarane har også analysert usemje og underliggande teoriar i faglitteraturen som finst på feltet.

Internasjonal strafferett

I boka utviklar forfattarane ein vitskapleg modell for strafferettsleg tilordning av ansvar, som kan brukast til å predikere og evaluere rettsutviklinga på feltet. Samtidig blir teorien testa gjennom empiriske undersøkingar.

– Boka er ein del av ein større serie, kalla «Rethinking the Essentials of International Criminal Law and Transitional Justice». Og siktemålet er å bidra til ei meir samanhengande forståing av internasjonal strafferett. Kan du utdjupe dette?

– Vil utviklar ein gjennomtenkt modell som gir ei retning for dei relevante, moglege og anbefalte normene for tilordning av ansvar som kan gjennomførast i dei enkelte straffesystema internasjonalt og nasjonalt. På sikt kan det vere eit bidrag til betre rettsforståing og føreåtvurderingar, gitt at den underliggande dokumentasjonen og argumentasjonen vert funnen overtydande, seier Einarsen.

Einarsens interesse for internasjonal strafferett blei vekt då han skreiv doktorgradsavhandling om FNs flyktningomgrep på 1990-talet.

– Då flyktningkonvensjonen blei laga i 1951, blei det  laga nokre særskilte føresegner om eksklusjon av flyktningstatus for personar som var skuldige i å utføre eller delta i krigsbrotsverk eller liknande. Dette hadde samanheng med rettsoppgjeret etter andre verdskrig. Eg måtte skrive eit eige kapittel om slike spørsmål, og fekk lyst til å trenge djupare inn i denne materia. I tillegg til dei historiske og folkerettslege aspekta, er dette svært dagsaktuelle politiske spørsmål internasjonalt, seier Einarsen.