Hjem
Det juridiske fakultet
Eit godt tilbod til deg som er jusstudent ved UiB:

Slik gjer dei jussundervisninga betre

Kan det kompliserte gjerast morsomt? Kan det kjedelege bli forståeleg? Ja, meiner juss-forelesarane Jan-Ove Færstad og Johan Giertsen. Kvar veke går dei i studio for å lage nye episodar av Kontraktsrettfredag.

IMG_8650.TRIM

Dei ulike juridiske omgrepa du møter som jusstudent kan vere vanskeleg å forstå, men undervisarane ved Det juridiske fakultet gjer sitt beste for at studentane skal få tak i sentrale problemstillingar. Dei vekentlege epsiodane med Kontraktsrettfredag er eit godt supplement til undervisninga.
Produsent:
UiB.no

Hovedinnhold

– Det der var klart tenkt og godt sagt, seier Johan Giertsen.

Han ser over bordet på jusstudent Marit Tjelmeland. I taket heng studiolamper og store kamera.

Kvar onsdag så lenge kurset  JUS113 Kontraktsrett I pågår, møtest dei i studioet på Dragefjellet. Professor Johan Giertsen, førsteamanuensis Jan-Ove Færstad, og ein student. På agendaen står eit aktuelt tema frå kurset. Denne våren er det Marit Tjelmeland som har vore med på innspelingane. Ho er sjølv arbeidsgruppeleiar, og veit kva paragrafar som studentane lett stangar hovudet mot.  

På slutten av veka er den ferske innspelinga av Kontraktsrettfredag tilgjengeleg for alle studentane.

– Vi diskuterer eit nytt emne kvar Kontraktsettfredag. Det er gjerne relatert til oppgåva frå siste veke eller eit anna emne som det er behov for å gå djupare inn i, seier Jan-Ove Færstad.

Gjer faget kjekkare

Færstad har vore med på innspelingane i nær tre år. Grunntanken har vore at dialog fremjar forståing. Diskusjonen mellom Færstad og Giertsen gjer det klar for studentane at det også innan juss er rom for tvisyn og usemje. Innsatsen ga han i 2018 Ugleprisen, UiBs interne pris for utdanningskvalitet. «Pedagogisk ut av en annen verden», meinte studentane som nominerte han.

– Eg opplever at studentane lærer mykje av Kontraktsrettfredag. Dei let seg smitte av engasjementet vårt, og opplever at faget blir kjekkare, seier Færstad.

Færstad bruker mykje tid på å bu seg til undervisning. Han ønskjer å levere undervisning som er fundert både på juridisk og pedagogisk forsking. I fjor fekk han også studentane sin eigen Foreleserpris.

Eksamensnyttige råd

I løpet av kurset blir 6-7 klipp lagt ut. Dei er mellom 10 og 20 minutt lange. Dei nyttige eksamensråda og tipsa til korleis skrive ei god eksamensoppgåve vert villig delt i løpet av episodane.

– Kontraktsrett er eit kurs som studentane kan synest er krevjande. Det er det første møte med ulovfesta rett. Her på dei lese rettspraksis, som dei sjølve må nytte aktivt. Det gjeld å ikkje bli for detaljfokusert – ein må løfte blikket og argumentere strukturert. Med desse klippa vil vi gjerne inspirere studentane til å sjølv diskutere juss og kontraksrett, seier Færstad.

Og sjølv krevjande kurs kan bli kjekke, meiner forelesaren:

– Jussundervisning kan gjerast sosialt, hyggeleg og humørfylt. Og likevel vere lærerikt.