Hjem
Det juridiske fakultet
NY BOK:

Sex og det vanskelege samtykket

Jussprofessor Jørn Jacobsen trur ikkje at ei fornya valdtektslovgjeving med krav om «oppriktig samtykke» er heldig. I den nye boka «Valdtektsstraffebodet – Gjeldande rett og spørsmålet om reform» utdjupar han kvifor.

bilde av jørn jacobsen
– Valdtekt og seksualbrotsverk er eit krevjande tema å arbeide med. Samtidig er det eit felt som få norske jussforskarar har gått djupare inn i. Det er eit kunnskapsunderskot her, noko som pregar diskusjonen, seier jussprofessor Jørn Jacobsen.
Foto/ill.:
UIB.no

Hovedinnhold

I Sverige har valdtektsstraffebodet blitt endra. Ifølge den nye lova er sex valdtekt, dersom partane ikkje gjennom ord eller handling gir uttrykk for at dei deltek frivillig. Californiske universitet har fått si eiga samtykkelov, kalla «yes means yes». Universitet som ikkje følgjer opp lova i eigne kommisjonar, kan miste statsstøtta. Canada, Irland, Belgia, Tyskland, England og Skottland har alt innført ulike variantar av samtykkelover. Det same kan bli ein realitet i Danmark.

– Debatten har gått i mange år. Den har fått  nye omdreiingar når aktuelle saker dukkar opp eller nye rapportar blir lagt fram. Slik eg ser det, har debatten likevel vore nyanselaus. Den i liten grad teke opp i seg omfanget av den gjeldande rettstilstanden, seier jussprofessor Jørn Jacobsen. 

Denne våren ga han ut boka «Valdtektsstraffebodet – Gjeldande rett og spørsmålet om reform».

Med boka tilfører han eit bidrag til debatten om seksualstraffelovgjevinga, og drøftar korleis regelverket kan reformerast på ein adekvat måte.

Strengare straff for valdtekt

– Diskusjonen har vore prega av to leirar, dei som er for ei såkalla «samtykkelov» og dei som meiner den noverande reguleringa bør vidareførast, forklarar Jørn Jacobsen.

Gjeldande rett viser tydeleg at valdtekt er eit alvorleg brotsverk: Eit krenkande overtramp mot autonomien til ein person. I dei  grovaste tilfella kan valdtekt straffast med 21 år i fengsel. Den ordinære straffa for valdtekt er fengsel mellom 14 dagar og 10 år. Minstestraffa har vore heva to gonger på 2000-talet, og er no på tre år. Barn under 14 år vert særskilt verna av lova.

– Det har allereie vore ei utvikling i lovgjevinga, der den seksuelle autonomien har fått eit stadig sterkare vern, seier Jacobsen.

«Oppriktig samtykke»

«Vold», «truende atferd» eller at motparten var «ute av stand til å motsette seg» den seksuelle omgangen er naudsynt for at det juridisk skal vere ei valdtekt. I ein rapport frå 2012 slo Kripos fast at meldingar om festrelaterte valdtekter ofte vart lagt bort fordi hendinga fall utanfor definisjonen av valdtekt, slik det vert definert i straffelova.

I Norge er det sterke stemmer som seier at valdtektsstraffebodet bør endrast. At sex utan eit oppriktig og eksplisitt samtykke skal vere ulovleg. Men vil ei samtykkebasert valdtektslov legge meir av ansvaret over på den fornærma part? Eller vil det tvert om gjere det lettare å straffeforfølge personar som, utan å bruke vald eller truslar, ikkje tek eit nei for eit nei?

Overgrep skjer i den grå sona

Fleire studiar viser at om lag 1 av 10 kvinner vil bli utsette for valdtekt. Unge under 25 år ser ut til å vere ekstra utsett. Menn som gøymer seg i portrom og busker for å overfalle tilfeldige kvinner finst - men denne typen overgrep skjer mindre hyppig. Det er i den grå sona at flest overgrep skjer.

– Dette er eit svært vanskeleg felt å normere. Eg trur ikkje at ei lovgjeving med krav om «oppriktig samtykke» er heldig. Grensene for valdtekt vert vanskelege å trekke, seier Jacobsen.

Dei som argumenterer mot innføringa av ei samtykkelov hevdar at i relasjonar mellom menneske finst ei grå sone av ikkje-verbal kommunikasjon. Av ambivalens, av usikkerheit. Seksuelle relasjonar mellom menneske er ikkje alltid avklarte, jambyrdige og oppriktige. Samtidig er dette relasjonar som utspelar seg i den inste og mest private sfæren. Innføring av eit formalisert samtykke vil vere byråkratiets definitive siger over emosjonane, blir det hevda. Framgangsmåtar for å formalisere samtykket har blitt gjenstand for harselas, både i media og frå standup-scena. Det har likevel ikkje skorta på seriøse forsøka: Ein svensk advokat har utvikla ein eigen samtykkeapp, der ein kan bruke Bank-ID for å underskrive på at det føreståande samkvemmet er frivillig.

Haldningskampanjar: Frå tedrikking til kjernekar

Jacobsen har meir tru på å gjere unge medvitne på korleis dei navigerer i det vanskelege landskapet av seksualitet og relasjonar. Strategiske haldningskampanjar som skal få unge til å reflektere over personlege grenser, autonomi og ansvar kan vere nyttige, skriv Jacobsen i boka.

I fleire land har haldningskampanjar vore den føretrekte vegen. I Norge har Kripos har med sin Kjernekar-kampanje søkt å gje russ eit medvite forhold til alkoholbruk og overgrep. Ja betyr ja-kampanjen til Norske kvinners sanitetsforening seier det i klartekst: Sex er best når begge vil. For å være sikker: Spør først. Kun Ja betyr Ja.

Andre kampanjar, som britiske Consent, as easy as tea har også søkt å skjære gjennom denne grå sona. Animasjonsfilmen har blitt sett nær tre millionar gonger på YouTube, og finst mellom andre i finsk, tysk og hebraisk utgåve.

Rettsstat og «fair labelling»

Jacobsen ønsker ei styrking av kompetansen om valdtekt i strafferettssystemet. Det er også naudsynt å sjå nærare på lovgjevinga på området, meiner Jacobsen. Her må det likevel eit meir overordna perspektiv på seksualstraffelovgjevinga til, slik at ein ikkje berre held fram med å utvide valdtektsstraffebodet.

Sentralt er det ifølge Jacobsen å oppretthalde «fair labelling», altså adekvate merkelappar på ulike former for krenkingar av den seksuelle autonomien. Kort sagt: At overfallsvaldtekter og gruppevaldtekter der det tydeleg blir brukt vald og tvang skal straffast hardare enn seksuelle krenkingar utan slike skjerpande trekk.

– I  ein rettsstat skal at individa kunne føresjå kvar grensene for det straffbare går. Blir ordet «valdtekt» brukt om seksuelle handlingar som ikkje innfattar vald, truslar eller utnytting av ein person som ikkje kan motsette seg handlinga, vatnar ein ut omgrepet, seier Jacobsen.

– Har du endra synet ditt på lovgjevinga i arbeidet med denne boka?

– I arbeidet med denne boka har eg fått eit større medvit om både kor omfattande problemet med seksuelle krenkingar er, kor komplekst og uklart regelverket er og kor utfordrande det er å finne gode alternativ. Enkle løysingar er her ikkje.  Samstundes kan vi lære av både styrker og svakheiter i gjeldande rett og reformer i andre land, og på det viset kome fram til ei meir adekvat lovgjeving.