Hjem
Det juridiske fakultet
Jusstudent Lise Carlsen til Universitetsstyret

Hjartesak: Psykisk helse

Lise Carlsen har vore studentane si stemme i studieutvalet, forskingsutvalet og fakultetsstyret ved Det juridiske fakultet. Etter sommaren ventar Muséplass og vervet som studentrepresentant i Universitetsstyret.

Bilde av Lise Carlsen
Lise Carlsen er fjerdeårs jusstudent ved Universitetet i Bergen (UiB).
Foto/ill.:
Malin Askevold

Hovedinnhold

Carlsen har lang erfaring med styrearbeid og sakspapir frå Det juridiske fakultet. Som studenttillitsvald opplevde ho imidlertid at handlingsrommet som finst på eit fakultet har sine klare avgrensingar.

– Sjølv om eg har jobba med saker der vi oppnådde resultat, stanga vi innimellom mot eit øvre tak. Det fekk meg til å bli interessert i arbeidet som gjerast i Universitetsstyret, seier Lise Carlsen.

Carlsen blir dermed den tredje jusstudenten i rekka som er innvald som studentrepresentant i Universitetsstyret. Sausan Hussein har hatt plass ved styrebordet i eitt år, men tok ikkje attval.

Læring og trivsel

Den største hjertesaka hennar en psykisk helse hos studentar. For at ein som student skal vere mottakeleg for læring, må ein ha det bra. Å arbeide med studenttrivsel er viktig for Carlsen.

– Psykisk helse er så grunnleggjande, og så viktig. Eg ønsker meg eit tettare samarbeid mellom fakulteta og psykologtenesta til Saman, seier Carlsen.

Betra sensurordning

Ho vil også utvikle mentorordninga, og gje førsteårsstudentar ekstra oppfølging. Eit anna målsetting er å heve kvaliteten på sensurordninga.

– I dag blir karakteren sett av éin sensor. Mange er samde i at dette ikkje er god nok kvalitetssikring. Spørsmålet er korleis universitetet kan finne midlar til å endre på det, seier ho.