Hjem
Det juridiske fakultet
REGULERING

– Bør varsle grunneigarane direkte

Jussprofessor Ingunn Elise Myklebust ved UiB meiner at innføring av byggegrense som vil endra føresetnadar i tidlegare reguleringplanar, bør underkastast individivduelt varsel.

Ingunn Elise Myklebust, UiB.
Professor Ingunn Elise Myklebust meiner at grunneigarar og andre rettshavarar bør kunne delta i diskusjonar om kor byggegrenser bør gå.
Foto/ill.:
Kim E. Andreassen

Hovedinnhold

Professor Ingunn Elise Myklebust ved Det juridiske fakultet, UiB, er nyleg intervjua i Kvinnheringen i saka om ein Halsnøy-væring, som fekk nausttomta si i gjort verdilaus etter at byggegrensa blei sett bak tomta hans. Det skjedde som følgje av at Statsforvaltaren ikkje godtok at byggegrensa blei sett i tråd med kommunens allerede godkjende byggeområde.

Fleire av grunneigarane i saka har reagert på at byggegrensa er sett utan at dei har fått noko varsel frå kommunen.

– Det rettslege grunnlaget er at rulleringar av kommuneplanen ikkje krev individuelt varsel til grunneigarar, men at planen blir lagt ut til offentleg ettersyn i aviser osb. Regelen har samanheng med at individuelt varsel til alle innbyggarar i ein kommune ofte vil vera ein omstendeleg og tidkrevjande prosess, seier Myklebust.

Dei lovfesta krava til sakshandsaming er i utgangspunktet ulike ved rullering av kommuneplan og ved endring av reguleringsplan, som krev individuelt varsel til rettshavarar i planområdet.

Myklebust seier at i saker som gjeld justering av normer for avgrensa delar av kommuneplanen, slår ikkje grunngjevinga om at endring i kommuneplanen ikkje må varslast, til. Kva for reglar som gjeld for varsel i slike saker må derfor vurderast meir konkret, og på bakgrunn av ein alminneleg regel om kravet til forsvarleg sakshandsaming.

Grunneigararne på Halsnøy kan ha grunn til å reagera på at dei ikkje er blitt varsla i saka.

– Mitt syn er at saker som gjeld innføring av byggegrense som vil endra føresetnadar i tidlegare reguleringplanar, bør underkastast individuelt varsel, slik at grunneigarane og andre rettshavarar kan delta i diskusjonane om kor byggegrensa bør gå, seier Ingunn Elise Myklebust.

Les heile saka i Kvinnheringen her (Betalingsmur).