Hjem
Det juridiske fakultet
ERNST NORDTVEIT | 70 ÅR

Ernst Nordtveit 70 år

Professor Ernst Nordtveit ved Det juridiske fakultet fylte 70 år, søndag 12 mars. Han går av etter ein mannsalder ved fakultetet, men gir seg ikkje med faget.

Ernst Nordtveit
Professor Ernst Nordtveit vart tilsett ved Det juridiske fakultet i 1980.
Foto/ill.:
Kim E. Andreassen

Hovedinnhold

– Det var etter eit informasjonsmøte på Os gymnas i 1972, med representantar frå det nye juss-studiet i Bergen, at eg bestemte meg for å studere juss, seier professor Ernst Nordtveit, ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB).

Det blei startskotet for ei akademisk karriere ved Det juridiske fakultet i ein mannsalder. Men det var ikkje gitt at bondesonen frå Nordtveitgrend i Strandvik kommune (Bjørnafjorden) skulle studera juss eller i det heile tatt bli akademikar etter studiet. Han husker i alle fall ein gong han søkte jobb ved eit advokatkontor.

– Dekanen den gong, Mons Sandnes Nygard, fekk nyss om dette. Han opna vindauget og ropte til meg i Allégaten at eg måtte komme inn og snakke med han. Det hadde blitt ledig eit vikariat, noko som førte til ei stilling ved fakultetet, seier Nordtveit.

Se videoportrett med Ernst Nordtveit under:

ERNST NORDTVEIT, et portrett

Produsent:
Paulo Cesar Chavarria Serrano

Har satt avtrykk i samfunnet

Det er særleg to fagfelt som Nordtveit har jobba med og kor han har satt sitt avtrykk. Det eine er tingsretten, som omhandlar organisering av eigedom og ressursar.

– Eigedomsretten er etter mi meining den viktigaste institusjonen i samfunnet. Det er snakk om fordeling og organisering av knappe ressursar.

Då Nordtveit var fødd for 70 år sidan, var me 3, 5 milliardar menneske på kloden. I dag er me ni milliardar.

– Det blir viktigare og viktigare å fordele stadig meir knappe ressursar på ein rettferdig og miljøvenleg måte, påpeiker Nordtveit.

Med sin kompetanse har han vore involvert i mange utval og lovarbeid. Blant anna var han sekretær for Sivilbokutvalet under arbeidet med lover om løysingsrettigheiter og tomtefeste, og eit utkast til lov om eigedomsgrenser, som har påverka rettspraksis.

Det andre feltet Nordveit har vore sentral er petroleumsrett og seinare energi- og klimarett. Han har jobba med petroleumsrett  frå tidleg på 1980-talet, så oljealderen til for alvor.

Gjennom Det Bergenske Petroleumsrettssymposium som tidlegare professor Arvid Frihagen etablerte, blei det skapt eit nasjonalt og til dels nordisk forum for diskusjon av petroleumsrettslege, og seinare meir energirettslege spørsmål mellom akademia, forvalting og industri.

Nyleg har Nordtveit leda eit utval for evaluering av minerallova, med forslag til ny minerallov.

Nordtveit har også samarbeida på tvers av sitt eige fagfelt, som biologi, oseanografi og sosialantropologi. Blant anna leda han eit forskingsprosjekt om skogutvikling i Nepal, saman med professor Vigdis Vanvik og professor Inger Elisabeth Måren ved Institutt for biovitenskap, UiB.

– Eg er glad for å ha kunne  arbeide på desse områda som er så avgjerande for samfunnet nå og i framtida, seier Nordtveit.

Nedanfor ser du Nordtveit sin første søknad til Det juridiske fakultet, som vitass i 1975.

Nordtveits første søknad.
Foto/ill.:
Kim E. Andreassen

Reformator av studie

Nordtveit har også satt spor etter seg på Det juridiske fakultet. Som prodekan, og dekan i fleire periodar, har han vært sentral i utviklinga av studiet og forskinga ved fakultetet. Som dekan tok han blant anna initiativ til ei vidtgåande omlegging av studiet under kvalitetsreforma i 2003. Profesjonsstudiet blei redusert frå seks til fem år, samtidig som studentane fekk oppfølging av vegleiarar, fleire eksamenar og  skrive masteroppgåve.

– Det er betre gjennomstrøyming no, sjølv om stoffmengda er mongedobla sidan 70-talet. Når det gjeld sjølvstendigheit og refleksjon, avhenger det mykje av kva slags oppgåver ein gir og kva som blir fokusert på i undervisninga. I tillegg er skriving av masteroppgåve ei middel til sjølvstende. Det var ikkje mange som skreiv særoppgåve tidlegare, påpeiker Nordveit.

Han meiner også at omlegginga har ført til ei viss sosial utjamning.

– Juss-studiet er og var eit klassedelt samfunn. I stor grad er dei som studerer born av akademikarar og juristar. Omlegginga har likevel senka terskelen for dei som ikkje har høyrt juridiske diskusjonar under frukost- og middagsbordet under heile oppveksten, seier Nordtveit.

Meir forsking

Jussprofessoren har også vore sentral i å bygge opp forskingsmiljøet ved fakultetet. Då han kom til fakultetet på 70-talet fantes det forskarar. Sjølv om dette var markante personar som hadde stor innverknad, var forskingskapasiteten likevel for liten, sier Nordtveit.

– Forskarane måtte i stor grad konsentrera seg om dei heilt sentrale rettsområda med oversiktsprega framstillingar og lærebøker.

Som prodekan og dekan var Nordtveit ei drivkraft for å tilsette fleire professorar og forskarar. I tillegg til å auke eksternfinansierte prosjekter betydeleg, etablerte han eit forskarutdanningsprogram, leda av David Doublet. Etter kvart blei det oppretta forskargrupper på ei rekke sentrale områder.

Nordtveit er også den som starta arbeidet med internasjonalisering av fakultetet, blant anna med eit internasjonaliseringsseminar for fakultet på Solstrand, like etter at han blei dekan. Dette vart startskotet for strategien for internasjonalisering. Han la også stor innsats i etablering av faglege kontaktar og avtalar om studentutveksling i Europa, USA og Australia.

– I dag er forskinga mykje meir fokusert, tverrfagleg og internasjonalt orientert. Eksternfinansieringa har ført til fleire tilsettingar og forskingskapasiteten er minst femdobla. Når ein blir fleire skapar det ein eigen dynamikk i seg sjølv, seier Nordtveit.

Gjev seg ikkje

Sjølv om Nordtveit nå blir pensjonist og emeritus, har han ikkje tenkt å leggje inn årene med det første. I dei seinare åra har han vore særleg oppteke av miljørett og forvalting av naturressursar, noko han har tenkt å fortsette med.

– Eg deltar framleis i eit prosjekt om verkinga av stigande havnivå i Stillehavet og arbeider med ei bok om eigedomsrett med tanke på miljørett og ressursforvalting. Gjennom dette tek eg sikte på å samle ein del trådar frå tidlegare arbeider. Eg trur at dette arbeidet vil få større verknad enn dei andre enkelttinga eg har gjort, seier Nordtveit.

Med tanke på kva det vil seie å pensjonere seg frå eit liv ved Det juridiske fakultet, refererer Ernst Nordtveit til ei strofe frå bandet Eagles´ Hotel California:

– You can check out anytime you like, but you can never leave.