Hjem
Det juridiske fakultet
INTERVJU

Kva er terrorisme?

– Eg forsøkjer å avklare kva terrorisme er, rettsleg sett – som brotsverk, seier jusprofessor Erling Johannes Husabø.

Hovedinnhold

– Eg ser også på nasjonale forskjellar i dette feltet av strafferetten. Husabø snakkar om boka si "Fighting Terrorism through Multilevel Criminal Legislation", som nyleg kom ut på eit nederlandsk forlag.

– Det som tende meg til å skrive boka, var måten Sikkerhetsrådet i FN engasjerte seg på i etterkant av terrorangrepa i USA 11. september, fortel Husabø. Alle medlemsstatane i FN fekk pålegg om å delta i kampen mot terrorisme gjennom Resolusjon 1373. Dette var ei overraskande, nærast sjokkerande hending – det er første gongen Sikkerhetsrådet har involvert seg på eit overnasjonalt plan som ein slags lovgjevar, forklarar han.

Det internasjonale påtrykket for å få terrorlovgjeving på nasjonalt plan utløyste vedtak eller forslag om nye og endra straffereglar verda over. Husabø hadde lyst å gjere ei komparativ analyse av desse, og fekk med seg Ingvild Bruce som medforfattar undervegs.

 

Eksplosjon i terrorlovgjevinga etter 2001

Før 2001 var det få statar som hadde ei terrorlovgjeving, til dømes hadde ingen av dei nordiske landa straffebod som vart kalla terrorisme. Typiske terrorhandlingar som drap, brannstifting og kidnapping var sjølvsagt straffbare også før 2001, men det som no skjedde var at terrorisme vart ein eigendefinert type lovbrot. Terrorisme har blitt kriminalisert, og med ein gong hensikta bak gjer at ei handling vert rekna som terrorisme, er strafferammene vesentleg høgare enn for andre tilsvarande lovbrot.

– Ein vert dessutan straffa på eit svært tidleg stadium, legg Husabø til. Førebuingar, finansiering og medverking – mange former for aktivitet i forkant av ei terrorhandling er no straffbare. Personar med tilknyting til terrorgrupper kan med andre ord bli straffa sjølv utan at ei terrorhandling er utført.

 

Terrorisme - eit definisjonsspørsmål

Det er framleis eit spørsmål om korleis ein skal definere terrorisme. Det finst fleire gråsoner, og det er til dels ulike definisjonar i FN, EU og nasjonalt. Delikate problemstillingar blir gjerne skyvde vidare. Til dømes blir handlingar av vanlege militære styrkar haldne utanfor terrorlovgjevinga og i staden overlate til krigens folkerett. Krigsbrotsverk inneber ofte same type handlingar som terrorisme, men blir såleis regulert av andre reglar.

- Handlingar utført av frigjeringsrørsler er kanskje dei vanskelegaste å ta stilling til, fortel Husabø. Vi ser problemstillinga i tilfelle der du har ein stat mot lokale opprørsgrupper. Og når ein har fleire lokale opprørsgrupper som kjempar mot kvarandre i ein stat som fungerer dårleg, som til dels i Somalia. Kan nokre av partane sine handlingar vere legitime sjølv om dei i det ytre framstår som terrorisme?

Slike problemstillingar blir ikkje løyste i definisjonen i terrorlovgjevinga, men er gjerne meir lausleg kommenterte undervegs i lovgivingsprosessen. Dei eksisterer såleis i eit rettsleg gråsoneland, samtidig som det kan dreie seg om delikate utanrikspolitiske spørsmål: Kven skal reknast som terrorist?

 

Nasjonale forskjellar

Eit tema av meir generell karakter i boka, er kva som skjer når internasjonale plikter skal omsetjast nasjonalt. Blir reglane like, eller endrar dei innhald? Husabø har samanlikna strafferetten på dette feltet i dei nordiske landa, Nederland og Tyskland.

– Det er ein illusjon at det skal bli likt resultat på nasjonalt nivå, sjølv om dei internasjonale pliktene er dei same, fastset han. EU gir rammer og direktiv som berre skal vere minimumsreglar, og det hindrar ikkje at ein på nasjonalt nivå utvidar reglane. Når nye reglar skal inn i eit system, blir dei dessutan alltid farga av systemet, og tilpassa spesielt. Dette kan til tider gje oppsiktsvekkjande resultat.

– Kven i Sikkerhetsrådet hadde trudd at det i Finland skulle bli rekna for terrorisme å selje ein bajonett? Dersom ein har terrorhensikt, vel og merke. Sidan våpenlovgivinga er ulik i ulike land, blir også brot på våpenlovgivinga definert ulikt.

 

Uforståeleg for folk flest

– Eg er overraska over kor komplisert regelverket har vorte på så kort tid, seier Husabø. I 2002 fekk Noreg to paragrafar som omhandla terror i straffelova, medan vi i den nye straffelova av 2005 har fått eit langt kapittel. Slik har utviklinga vore i mange land.

– Noko som kompliserer det heile er at EU, FN og Europarådet opererer med tre ulike definisjonar av terrorisme. Dei som skal lage lover på nasjonalt plan må ta omsyn til alle dei tre definisjonane. Resultatet har vorte at ein må vere spesialist for å forstå dei nye straffelovene. Det verste med dette er at straffelovgivinga vert utilgjengeleg for folk flest. Dette er uheldig, fordi straffelovene ideelt sett bør vere gjeve av folket og forstått av folket – lovene bør difor vere rimeleg lette å lese, understrekar Husabø.

 

Frå internasjonale topp-politikarar til studentar

– Når ein skriv, tenkjer ein ikkje så mykje på at det finst ei målgruppe der ute og ventar på nett denne boka. Forsking vert drive av noko som tenner ein og interesserer ein. Samstundes er det ikkje tvil om at dette er ei fagbok. Ho kan lesast av alle som har ei interesse i allmenn folkerett og strafferett i forskjellige land, og er svært aktuell for politikarar og andre som er med på å utforme nye regelverk og deltar i internasjonale forhandlingar.

– Boka kan også brukast som ein modell for komparativ strafferettsforsking. Ho samanliknar tilhøva i ulike land, og akkurat det har det ikkje vore mykje av internasjonalt. Ho omhandlar like mykje tysk som norsk rett. Slik sett er boka ein pioner, seier Husabø.

Delar av boka blir også brukt som pensum på kurset ”Terrorism in International and European Criminal Law”, eit valemne på jusstudiet, der Husabø er kursansvarleg. Her blir terrorisme brukt som eksempel på internasjonal strafferett.

– Etter langvarig, hard innsats kjennast det svært tilfredsstillande å sitje med boka i handa, sier ein fornøgd Erling Johannes Husabø. Det er klart eg er spent på kva lesekrets boka får, og kva for impulsar ho kan føre med seg. All forsking gir impulsar til andre, ein styrer dei berre ikkje sjølv, konkluderer han.