Hjem
Det juridiske fakultet
INTERNASJONALISERING

Startar samarbeid med kinesiske universitet

Jusstudentar frå Universitetet i Bergen kan no studera ved dei beste juridiske fakulteta i Kina!

Sjølv om ein kan føla seg liten i millionbyar som Beijing og Shanghai, er...
Foto/ill.:
Ingrid E. Tøsdal

Hovedinnhold

Under ei reise til Kina i november vart det signert samarbeidsavtaler som legg til rette for at jusstudentar kan utveksla både til China University of Political Science and Law (CUPL) og Renmin University of China som begge ligg i Beijing.

I tillegg har ein i møte med juridisk fakultet på Fudan University i Shanghai kome fram til at også jusstudentar kan nytta den allereie eksisterande samarbeidsavtala mellom Fudan University og Universitetet i Bergen.

– Studentar som reiser til Kina kan tileigna seg ein unik kompetanse ved å skaffa seg innsikt i kinesisk rett, og samstundes få kjennskap til kinesisk kultur og samfunn. Kina vil bli viktigare og viktigare i åra som kjem, det vil bli meir og meir samhandel og samarbeid med Kina. Behovet for norske juristar med kjennskap til kinesisk rett og erfaring frå det kinesiske samfunnet vil auka, seier dekan Asbjørn Strandbakken.


Variert fagtilbod på engelsk

Ved alle desse tre universiteta finst det fagtilbod på engelsk, slik at ein ikkje treng å kunna kinesisk for å reisa på utveksling til Kina. Faga som vert tilbydde på engelsk dreier seg i stor grad om kinesisk rett, men ein finn også fag med fokus på internasjonal rett.

Døme på fag er Introduction to Chinese Law, Chinese Contract Law, International Human Rights Law and China og Chinese Constitution, men også fag som Negotiation Tactics, International Commercial Law, Selected Issues of International Air Law og American Tort Law.

Både ved dei to universiteta i Beijing og ved Fudan i Shanghai vil studentane altså finna eit variert tilbod med ulike fag å velja mellom. På Fudan ligg det dessutan eit Nordisk Senter som er ei samanslutning av 26 nordiske medlemsuniversitet. Her vert det halde ulike kurs, seminar og tilstellingar for både kinesiske og nordiske studentar og forskarar. 


Dei beste blant 625 juridiske fakultet

Dei to juridiske fakulteta som delegasjonen besøkte i Beijing er begge heilt i teten blant dei om lag 625 juridiske fakulteta som finst på dei 2000 universiteta i Kina. Etter det vi fekk opplyst, bytar Renmin og CUPL på første og andreplassen, avhengig av kva for ranking det er snakk om.

Dei nemnde universiteta er og mellom dei meir internasjonalt orienterte universiteta i Kina, og har erfaring med, og rutinar for, å ta i mot internasjonale studentar. Dette vil vera viktig for at dei norske studentane skal finna seg godt til rette i eit framand land med svært annleis kultur, og eit språk få norske studentar kan frå før. 


Forskingssamarbeid og PhD-utveksling

På møta i Beijing vart det også diskutert samarbeid utover studentutveksling. Ved CUPL understreka dei at også PhD-kandidatar var velkomne. Dermed kan til dømes heile eller delar av den valfrie opplæringsdelen i PhD-programmet i rettsvitskap gjennomførast under eit opphald ved dette universitetet i Beijing.

– Den kinesiske rettskulturen er svært annleis enn den europeiske. Etter kvart som Kina speler større og større rolle i verdsøkonomien, vil kjennskap til denne rettskulturen bli svært nyttig. PhD-kandidatar som har følgt perspektivlinja på PhD-programmet, har gode føresetnader og vil kunne ha stort utbytte av eit opphald i Beijing seier Ragna Aarli, visedekan for forsking.


Senter for framifrå forsking

Det kinesiske utdanningsdepartementet utnemner Centers of Excellency innanfor ulike forskingsområde. Innan juss- og samfunnsvitskap er det utnemnd ni slike senter i heile Kina, og to av desse er for strafferett og for sivilrett ved juridisk fakultet på Renmin University. For å behalda denne høgthengjande statusen må Renmin halda fram med å vera det beste senteret for strafferettsforsking i Kina.

I denne samanheng trekte dekan Asbjørn Strandbakken fram i møtet med Renmin, at ei evaluering gjennomført ved Stockholms universitet utpeikar Det juridiske fakultet i Bergen som det sterkaste strafferettsmiljøet i Norden. Dermed er det liten tvil om at dei to fakulteta vil kunna ha stort utbyte av å samarbeida om forsking innan strafferett.


Samarbeid om menneskerettar

Representantane frå Renmin trekte også fram menneskerettar som eit område dei visste at både Noreg generelt og Juridisk fakultet i Bergen spesielt, er gode på. Medan ein skulle venta at Kina og menneskerettar kan vera eit sensitivt tema, er ikkje dette tilfelle innan akademia.

– Kinesarane er arbeidsame og ambisiøse og har skjønt at dei må gjere seg kjend med og freiste å forstå kva for skrankar menneskerettane gir om dei skal lukkast med å samarbeide med vestlege land. Om ikkje vi gjer som dei, og gjer oss kjend med deira rettskultur, blir det oss som får problem med samhandlinga, seier visedekan for forsking Ragna Aarli


Gjesteforelesing for kinesiske studentar

I løpet av dagane i Beijing besøkte delegasjonen frå Det juridiske fakultet også China Foreign Affairs University. Professor Li Hongbo som var gjesteforskar ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2010/2011 er heimehøyrande på dette universitetet, og hadde bede dekanen om å halda ei gjesteførelesing for jusstudentane. Det var ei lydhøyr forsamling som fekk ei grunnleggjande innføring i norsk rettargang.

- Om vi dømer ut frå dei gode spørsmåla studentane stilte og det høge nivået på engelsken deira, kan vi verkeleg sjå fram til å få fleire kinesiske studentar til Dragefjellet. Erfaringane og kunnskapen deira frå eit rettssystem som ligg fjernt frå det norske vil gje interessante bidrag i diskusjonar i spesialemna som dei tek mens dei er her, seier dekan Asbjørn Strandbakken.


Mogleg framtidig samarbeid med China Foreign Affairs University

Også ved dette universitetet var dei særs interesserte i å utvikla samarbeid med Det juridiske fakultet. Etter gjesteførelesinga var det samtalar om mogleg framtidig samarbeid, særleg om studentutveksling.

– Ein av studentane deira hadde eigentleg planlagt å søkja opptak til vidare studie ved ulike eliteuniversitet i USA, men etter å ha snakka med professor Li Hongbo om hans erfaringar frå Bergen vil ho heller koma til Dragefjellet for å studera. Dette tek vi sjølvsagt som eit stort kompliment, og det viser at fakultetet har ei spanande liste over spesialemne som vert underviste på engelsk  seier Strandbakken.

Under ei omvising på dette universitetet fortalde jusstudent Wang Haipei at grunna plassmangel på campus bur dei kinesiske studentane gjerne sju personar på same rom. For dei internasjonale studentane er situasjonen annleis; Dei får lov å bu berre to på kvart rom. Tilstanden for dei kinesiske studentane vil likevel betra seg innan kort tid; Ein heilt ny og større campus skal nemleg stå klar i løpet av neste år.


Håp om auka utveksling mellom Kina og Noreg

I følgje tal frå Lånekassa var det pr mai 2011 25 norske studentar som tok ein heil grad i Kina, og 278 studentar på utveksling. Næringsminister Trond Giske har ved eit tidlegare høve uttalt at Noreg bør senda mellom 1000 og 3000 norske studentar til Kina kvart år.

Likeeins har også Kina stort fokus både på å tiltrekka seg internasjonale studentar, og å senda eigne studentar ut i verda. I følgje Noregs ambassade i Beijing er det pr i dag 250 000 internasjonale studentar i Kina, eit tal som kinesiske styresmakter ønskjer at skal auka til ein halv million innan 2020.

Ved juridisk fakultet ved CUPL arbeidar dei målretta for å få til nye utvekslingsavtalar slik at dei kan tilby alle studentane sine eit utanlandsopphald i løpet av studietida. Ved Renmin ønskjer om lag halvparten av studentane å reisa utanlands. Frå haustsemesteret 2013 vil nokre av desse studentane koma til Bergen og Det juridiske fakultet.  


Utanlandsopphald gjev spesialkompetanse

– Vi vil halda fram med å utvikla samarbeidet med Kina i tida som kjem. Arbeidet vi har lagt ned i høve til å etablera utvekslingsavtaler med Kina, bør bidra til at fleire av studentane våre vel Kina som utvekslingsland, seier dekan Asbjørn Strandbakken. 

Strandbakken fortel at delegasjonen frå fakultetet vart møtt med vennlegheit og stor gjestfridom under besøket i Kina, og ut frå dette meiner han at det er all mogleg grunn til å tru at Dragefjells-studentane vil finna seg godt til rette ved universiteta som fakultetet har inngått utvekslingsavtaler med.

Vidare trekk Strandbakken fram at medan mange studentar fokuserer for einsidig på gode karakterar,  så vil arbeidsgjevarar også leggja betydeleg vekt på om ein har tileigna seg ein spesialkompetanse før eller under rettsstudiet.

– Eit opphald i Kina der ein set seg inn i kultur, språk og juss, trur eg vil bli veldig verdifullt i den globaliserte verda vi ser i dag, avsluttar Strandbakken.