Hjem
Det juridiske fakultet
NYTT SPESIALEMNE

Nytt emne i planrett

Planrett er eit nytt tilskot til fagtilbodet innanfor naturressurs- og miljørett ved fakultetet.

Hovedinnhold

Initiativtakarane bak det nye spesialemnet JUS265-2-A Planrett er førsteamanuensis Ingunn Elise Myklebust og førsteamanuensis Sigrid Eskeland Schütz, som begge er ekspertar innanfor feltet. Dei kan fortelje at planretten har stor relevans i fleire sektorar, og at dei opplever at det er eit stort behov for å styrke juristar sin kompetanse i planrett.

Kvifor planrett?

- Både juristar som går inn i stilling som offentleg sakshandsamar i kommune eller hos fylkesmannen, og advokatar og dommarar har stadig større behov for kunnskap i planrett, seier Ingunn Elise Myklebust. 

Offentleg styring gjennom areal­plan­legging er avgjerande for dei aller fleste former for areal- og miljøforvaltning, og set premissane for kvar ein sjølv kan byggje og kvar naboen kan byggje. 

- Det er praktiske og viktige spørsmål, og som jurist vil ein ganske snart måtte kunne orientere seg i plan- og bygningslova og omkringliggjande regelverk, legg Sigrid Eskeland Schütz til.

Det spesielle med emnet er at sjølve undervisninga i Planrett allereie er i gang, det har blitt tilbode som eit vidareutdanningskurs ved Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU) ved UiB sidan våren 2010. Det nye spesialemnet på masterstudiet i rettsvitskap er eit emne berre for juss-studentar, men følgjer deler av førelesningane på vidareutdanningskurset. Emnet gir derfor masterstudentane i rettsvitskap ein fin moglegheit til å delta i diskusjonar i lag med folk som har erfaring frå yrkeslivet.

- Vi trur det er ein fordel å samle studentmassa, både juss-studentar og deltakare på vidareutdanningskurset, i førelesingane i planrett, seier Myklebust.  Ho forklarar at juss-studentane vil ha stor nytte av å møte studentar med erfaring frå det praktiske livet, medan vidareutdanningsstudentane kan få noko draghjelp frå juss-studentane si forståing for juridisk metode og måten å setje opp problemstillingane på. Ein vinn-vinn-situasjon med andre ord.

Planrett og arbeidsliv

Martin Søfteland er jurist og arbeider i Statens vegvesen, kor ei av hovudoppgåvene hans er juridisk rådgjeving. Han deltok på vidareutdanningskurset i 2011, og kan fortelje om eit interessant og lærerikt kurs, som også viste seg å være nyttig og relevant for arbeidet han gjer i det daglige.

- Planrett var ikkje pensum då eg studerte, men det er eit basisfag som grip inn i mange rettsområde og derfor er det freistande å lære meir. Planrettkurset omfattar også tilstøytane «bonusemne» som allmenn forvaltingsrett, spørsmål om habilitet, og tingsrett, som også er interessante tema, seier Søfteland.

I det daglige arbeider Søfteland med juridisk rådgjeving og er innom alt frå erstatningsrett til forvaltningsrett. 

- Ved for eksempel grunnerverv, planlegging av veganlegg og behandling av ulike søknadar er planrett relevant, fortel Søfteland.

Varierte førelesningar

Ei samansett studentgruppe med ulik bakgrunn gir grunnlag for spanande diskusjonar, og på emnet er det også fleire eksterne førelesarar som bidrar å gi ulike tema forskjellige vinklingar. Undervisninga består av noko oppgåveløysning, men det er mest førelesningar som er hovudforma. I undervisninga deltek blant anna førelesarar med bakgrunn frå Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland. I tillegg vil både stipendiat Roald Hopsnes og professor Tore Lunde halde førelesningar på emnet.

JUS265-2-A Planrett er eit spesialemne på masterprogrammet i rettsvitskap, og berre studentar på masterstudiet kan ta dette emnet. JUS265-2-A Planrett er ikkje ope for studentar frå andre lærestader eller andre fakultet ved UiB.

JUR640 Planrett er eit vidareutdanningskurs på Senter for vidareutdanning (SEVU). Dette kurset er ope for ferdigutdanna juristar og andre som ønskjer fagleg påfyll.