Hjem
Det juridiske fakultet
News

To nye professorar

Bjørn Henning Østenstad og Jon Petter Rui har vorte professorar ved Det juridiske fakultet.

Bilete av dei to nye professorane. Båe har blå gensar og blå skjorte.
Bjørn Henning Østenstad (t.v.) og Jon Petter Rui er no professorar ved Det juridiske fakultet.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

Det juridiske fakultet har fått to nye professorar i 2014, og er no oppe i 27 professorar totalt.

Jon Petter Rui har menneskerettar, straffeprosess og økonomisk kriminalitet som fagfelt. Han har tidlegare arbeidd som stipendiat, postdoktor og førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø, som konstituert lagdommar i Hålogaland og Gulating lagmannsrettar og dessutan som advokatfullmektig/advokat.

Bjørn Henning Østenstad har allmenn forvaltningsrett og helse- og sosialrett som fagfelt. Han har tidlegare arbeidd som universitetslektor, stipendiat og førsteamanuensis ved fakultetet, i tillegg til ein periode i forvaltninga.

Rui og Østenstad vart, som nye professorar, stilt tre spørsmål om fag og fakultet:

  1. Kvifor valde de Det juridiske fakultet som arbeidsplass?
  2. Kva tenker de om rettsvitskapen si rolle i samfunnet i dag?
  3. Kva utfordringar ser de for fakultetet no og framover?

 

Det juridiske fakultet som arbeidsplass

Rui:

– Eg valde Det juridiske fakultet i Bergen fordi det har det beste forskingsmiljøet innanfor fagfelta mine i Norden. Det har òg eit solid omdømme utanfor Noreg, både i Norden og nedover i Europa.

Østenstad:

– Fakultetet er ein god arbeidsplass om ein no likar å dykke djupt ned i juridiske problemstillingar, og det er mange hyggelege og dyktige folk å samarbeide med her. I forskargruppene er det låg terskel for å få lagt fram idear og tekstutkast til diskusjon. Eg valde opphavleg fakultetet litt tilfeldig. Eg hadde langt på veg ordna meg jobb som advokatfullmektig, men fann utan førevarsel ein handskriven lapp i vitnemålet: «Har du bestemt deg?» Det hadde eg visst ikkje.

 

Rettsvitskapen si rolle i samfunnet i dag

Rui:

– Den viktigaste oppgåva til rettsvitskapen er å utdanne juristar som kan tenke og verke sjølvstendige og som kan stille spørsmål ved etablerte ordningar og oppfatningar. Juristar som evner å sjå strukturar, samanhengar og overordna perspektiv i eit stadig meir omfattande og komplekst rettskjeldebilete. Slike juristar er avgjerande for rettstryggleiken i landet.

– Den andre oppgåva er å produsere forsking som fører oss vidare som rettsstat. Det kan bli gjort på forskjellige måtar, både grunnforsking og meir direkte praksisrelevant forsking er nødvendig.

Østenstad:

– Inntrykket mitt er at juridisk kompetanse blir stadig meir etterspurt. Dette er mellom anna ei følgje av auka rettsregelproduksjon i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt. Årsakene er samansette, men eit resultat er i alle høve at volumet og kompleksiteten av det materialet ein må kunne handtere for å ta stilling til rettslege spørsmål aukar frå år til år.

– Parallelt aukar då òg trongen for juridisk forsking. Utviklinga på ulike rettsfelt må bli analysert og kritisk vurdert, og der kan ingen erstatte ekspertmiljøa ved dei juridiske fakulteta som tyngdepunkt. Utviklingstendensen vi no snakkar om er neppe mogleg å snu, den er heller sjølvforsterkande. I det ligg òg at rettsvitskapen vil få stadig større merksemd som ein premissleverandør for samfunnsdebatten.

 

Utfordringar for fakultetet i tida framover

Rui:

– Utfordringa for fakultetet er å innrette verksemda slik at dei viktigare oppgåvene blir realiserte. Til dømes er det viktig for utdanninga av juristar at det ikkje blir eit for stort fokus på å innlæring av detaljar. Vi må gi studentane våre eit solid overordna rammeverk slik at dei er rusta til ei 40-årig karriere med juridisk arbeid, noko som vil ha stor innverknad på liva til mange menneske. Dette perspektivet bør i større grad få gjennomslag i litteraturen som blir brukt i utdanninga. Førsteutgåva av mange bøker kom i ei tid då det var mogleg å røre ved alle detaljar, men i seinare utgåver har det berre vorte lag til fleire detaljar. Her har vi som universitetsjuristar ein jobb å gjere.

– Innanfor forsking elles trur eg at vi som forskarar har mykje å tene på eit tettare samarbeid. Viktige tema innan rettsvitskapen er i dag so omfattande at ein kjem til kort åleine, både når det kjem til tid og ressursar.

Østenstad:

– Det juridiske fakultetet i Bergen har, og har hatt, ei framsynt leiing. Der andre har sett problem og mana til varsemd, har leiinga teke offensive posisjonar. Resultatet har vorte ei sterk oppbygging av det vitskaplege fagmiljøet, noko ikkje minst studentane nyt godt av. Utfordringa ligg i å kunne halde fram denne ekspansjonen slik at fakultetet blir leiande på fleire område.

– Det er sentralt å få endå fleire dyktige studentar interesserte i forsking. Dette er langsiktig arbeid. God rettleiing av dei som skriv masteroppgåve er ein nøkkel. Innanfor allmenn forvaltningsrett og helse- og sosialrett er det mange gode problemstillingar å gripe fatt i for dei som er interesserte.