Hjem
Det juridiske fakultet
Nyhet

Hjelper kvarandre med nynorsk fagspråk

Kvar veke deltek Ingrid Handeland i ei nynorsk arbeidsgruppe på fakultetet. – Skal du vere jurist, så har språk svært mykje å seie, meiner ho.

Åtte studentar sit rundt eit bord.
Den nynorske arbeidsgruppa møtest kvar torsdag.
Foto/ill.:
Veronica Ljosheim

Hovedinnhold

Det er like før lunsjtid torsdag formiddag. I seminarrom D i dei mellombelse brakkene bak Sydneshaugen skule er åtte studentar akkurat ferdige med si første arbeidsgruppe i Tingsrett. På veg ut i haustsola diskuterer dei kva for konsekvensar det nye statsbudsjettet vil ha for nynorske papiraviser, ettersom Regjeringa vil kutte 50 millionar i pressestøtta.


Igjen sit Ingrid Handeland og Anne-Lovise Christensen Nybakk.  Ingrid er på sitt andre studieår på integrert masterprogram i rettsvitskap. Dette semesteret valde ho å bli med i ei nynorsk arbeidsgruppe, ei gruppe Anne-Lovise leiar.


- Eg har sakna nokon som kan gi meg gode tilbakemeldingar på språket, fordi når du skal vere jurist, så har språket ekstremt mykje å seie, fortel Ingrid. - I den nynorske arbeidsgruppa eg er med i no, er det  større fokus på korleis ein skriv, og det er mykje betre tykkjer eg.


Meir presist språk


Det var ikkje alltid like lett å vere nynorskbrukar for Ingrid då ho gjekk på sitt første studieår. Ikkje berre var det mangel på språklege tilbakemeldingar på nynorsk på oppgåvene ho leverte, men det viste seg også overraskande vanskeleg å få tak i ei juridisk ordliste på nynorsk. Studentbokhandelen Studia hadde ikkje, så ho måtte bestille ei frå Nordli, som ikkje kom i posten før ein månad seinare. Og ordliste treng ein!


- Fagterminologien er litt annleis på nynorsk. Språket er også kortare og meir presist. Du er ofte meir rett på sak, fordi det er ikkje så mange overflødige ord å «surre med», fortel Ingrid.


Anne-Lovise er einig.


- Alle desse typiske bindeorda som dei har på bokmål har vi ikkje på nynorsk. Det gjer setningane kortare og språket veldig presist. Mitt favorittord på nynorsk er førehandsvisse, seier ho. - Det er det same som forutberegnelighet.


- Det er mitt favorittord også, ler Ingrid. – Men eg føretrekkjer rettsvisse.


Viktig tilbod


Då Anne-Lovise gjekk på første og andre studieår melde ho seg på ei nynorsk arbeidsgruppe, men gruppa blei ikkje noka av, grunna for få påmelde. Ho synest det er veldig bra at det i haust var nok studentar som melde seg til at det blei oppretta to grupper på første studieår og ei på andre.


- Det er viktig at fakultetet har dette tilbodet. Du føler deg litt aleine utan, og har ingen å spørje om språket. Dette er særleg ei utfordring på første året. Du skal lære ein ny måte å skrive på, det er nye ord du aldri har sett før, og du veit ikkje korleis du skal gjere det. Då er det kanskje lett å tenke at «ok, eg byter til det alle andre gjer.» Eg sit på kunnskapen, så då er det fint å kunne dele han, seier arbeidsgruppeleiaren.


Anne-Lovise trur det er meir fokus på språk i dei nynorske arbeidsgruppene.


- Folk har aktivt meldt seg på gruppa og sagt at dei vil vere med. Då har ein allereie gått inn med ei innstilling om at ein vil lære å skrive betre språk. I tillegg til at eg gir dei språklege tilbakemeldingar, gir studentane  kvarandre òg tilbakemeldingar på språket i oppgåvene. Dei har fått eit rom der dei kan spørje kvarandre og hjelpe kvarandre! fortel ho.