Hjem
Det juridiske fakultet
Nyhet

Auka interesse for studier i Kina blant jusstudentane

Nytt praksistilbod har ført til dobling i talet på studentar som skal på utveksling til Kina.

Utveksling i Kina

Opptak frå seminaret 13. november om Det juridiske fakultets samarbeidsplanar i Kina, vert innleia med eit bilete av Law School ved Renmin University. Dette er det fremste juridiske fakultetet i Kina og den mest sentrale kinesiske samarbeidspartnaren til fakultetet.
Produsent:
Dragefjellet lærings- og formidlingssenter

Hovedinnhold

Det juridiske fakultet har sidan 2011 hatt studentutvekslingsavtalar med fleire kinesiske universitet, og  både sendt og motteke studentar gjennom desse avtalane. Frå dei første studentutvekslingsavtalane vart signerte og fram til og med studieåret 2015/2016,  har 18 av fakultetets studentar valt å utveksle til eit av partnaruniversiteta i Kina som del av graden sin. I tillegg har nær alle som har starta på ph.d.-programmet dei siste tre åra  delteke på seminaret «Chinese Legal Culture studied from a Nordic Viewpoint» som fakultetet arrangerer i Shanghai kvart år.

 

Tilbod om å kombinere studier med praksis 

Fakultetet  ønskjer at endå fleire av studentane dreg til Kina, og held difor på å etablere eit nytt tilbod der studentane kan kombinere studier hos eit av partnaruniversiteta med traineeopphald hos norske eller internasjonale bedrifter og organisasjonar i Kina.

– Kina blir ein meir og meir sentral aktør på den globale arena, både politisk og økonomisk. Vi har inngått mange studentutvekslingsavtaler med svært anerkjente universitet i Kina, men vi må likevel foreta oss noko meir aktivt for å få fleire av studentane våre til å velge Kina, seier undervisningsdekan Bjørnar Borvik.

For å gjere Kina til ein meir attraktiv utvekslingsdestinasjon skal studentane frå og med våren 2017 kunne kombinere studier og traineeopphald i Kina.  

 

Seminar for å få innspel 

I midten av november  inviterte fakultetet til eit seminar for å få innspel frå eksterne ressurspersonar som kan gje ny kunnskap og nye perspektiv i fakultetets utviklingsarbeid. Her deltok representantar frå både næringsliv og statlege aktørar. 

I videoen øvst på sida kan du sjå kommentarane frå Knut Sørlie, sjef for Innovasjon Norges kontor i Beijing, og Geir Sviggum, partnar i advokatfirmaet Wikborg Rein, som begge deltok på seminaret. Innovasjon Norges kontor i både Beijing og Shanghai, samt Wikborg Reins kontor i Shanghai vil tilby praksisplassar til studentar frå Det juridiske fakultet.

 

Dobla utveksling til Kina

Første februar var fristen for å søke om utveksling for studieåret 2016/2017, og søkjartala viser at fakultetet har gjort noko riktig for å få opp interessa for studier i Kina. I alt 19 studentar hadde ført opp eit av dei kinesiske partnaruniversiteta i utvekslingssøknaden sin.

Ikkje alle desse studentane hadde sett Kina som førsteval i søknaden, og nokre av søkjarane fekk plass på universitet som stod høgare oppe på listene deira. Likevel er det i alt tolv studentar som skal utveksle til Kina i løpet av studieåret 2016/2017. Dette er ei dobling samanlikna med studieåret 2015/2016.

Ti av desse studentane skal delta på det nye tilbodet der ein kombinerer studier og traineeopphald.

– Vi er svært fornøgde med at så mange jusstudentar frå Bergen ønskjer å utveksle til Kina, seier Borvik. Vi meiner at desse studentane vil tileigne seg kompetanse som vil vise seg å vere verdifull for det norske samfunnet, og vi har særlege forventningar til semesterprogrammet som kombinerer universitetsstudier med traineeopphald i Kina. Denne store interessa hos studentane våre motiverer meg til ytterlegare innsats for å styrke relasjonane til våre kinesiske samarbeidsuniversitet, avsluttar Borvik.