Hjem
Det juridiske fakultet
Nyhet

Lærer kinesisk rett i Beijing

Ti jusstudentar frå Bergen er denne månaden i Kina for å lære meir om kinesisk rett og rettskultur.

Studentene
Til saman 30 studentar frå ulike land deltek på sommarskulen i Beijing. 10 av dei er frå Universitetet i Bergen. Her er heile gruppa samla på Den himmelske freds plass.
Foto/ill.:
Indiana University Robert H. McKinney School of Law

Hovedinnhold

– Vi stortrivst! Dagane her går fort unna, og månaden i Beijing kjem til å vere over før vi veit ordet av det, fortel Andreas Slettevold.

Andreas og resten av studentane frå Universitetet i Bergen deltek på kurset Chinese Law Summer Program ved Renmin University i Beijing i fire veker som ein del av tredjeårs-emnet «Rettshistorie og komparativ rett med særskild fokus på kinesisk rettskultur». Sommarprogrammet har blitt arrangert årleg på Renmin University Law School sidan 1998, men i år er første gong studentar frå Bergen har fått høve til å vere med på programmet som ein del av masterprogrammet i rettsvitskap.

Fleire studentutvekslingsavtalar med Kina

Eitt av måla med det kinesiske sommarprogrammet er at studentane som deltek vil bli freista til å ta eit lengre utvekslingsopphald i Kina når dei kjem lengre ut i studieløpet. Det juridiske fakultet har sidan 2011 hatt studentutvekslingsavtalar med fleire kinesiske universitet, og  både sendt og motteke studentar gjennom desse avtalane.

For Andreas sin del var ikkje sommarskulen i Kina hans første erfaring med landet. Han har lært kinesisk på vidaregåande skule, studert i Beijing og vore praktikant ved det norske generalkonsulatet i Guangzhou. Han meiner likevel at emnet om kinesisk rettskultur er vel så interessant for studentar utan nokon særleg Kina-erfaring.

– Sjølv om Kina er eit land med fleire tusen års nedskriven historie, har det på mange måtar eit ungt rettssystem. Store delar av lovverket er utforma dei siste 30 til 40 åra. Retten utviklar seg i høgt tempo, og er eit utroleg spanande samanlikningsgrunnlag i eit fag som rettshistorie og komparativ rett, seier han.

Behov for auka kompetanse

Kjennskap til ulike rettslege kulturar er viktig for framtidas juristar, og det er vesentleg om internasjonal samhandling skal fungera. Kina blir ein stadig meir sentral aktør på den globale arenaen, både politisk og økonomisk. Dette aktualiserer behovet for systematisk oppbygging av kompetanse om det kinesiske rettssystemet generelt, og særleg om dei rettsområda som er aktuelle for norsk næringsliv som har, eller som planlegg, aktivitet i Kina. Gjennom emnet Rettshistorie og komparativ rett med særskilt fokus på kinesisk rettskultur får studentane kunnskap om kva ein rettskultur er, og korleis den vert forma og omdanna gjennom møte med rettskulturelt gods frå andre rettskulturar. Programmet gjev òg innblikk i rettsområde som er særleg aktuelle i Kina for tida, slik som kinesisk arbeidsrett og miljørett. Dette vil gje studentane frå Bergen ein unik kompetanse.

Andreas fortel at førelesningane i Kina er lærerike og dagsaktuelle. Studentane har opplevd mykje på kort tid, og opphaldet har innfridd dei høge forventningane Andreas hadde før han drog.

– Forutan førelesningane og besøk til dei mest kjende landemerka i og rundt Beijing, har vi fått besøke Folkets Høgsterett, vore tilskodarar i ei strafferettssak og besøkt China International Economic and Trade Arbitration Commission (CIETAC) og Den Nasjonale Folkekongress. Der har vi fått møte juristar som fortel oss om arbeidet sitt i parlamentet, i voldgiftsretten eller i domstolane. Det har gitt oss eit godt innblikk i innsida av rettssystemet, fortel han.

Stor interesse for programmet

Renmin University Law School blir regelmessig rangert som eitt av dei to beste juridiske fakulteta i Kina. I år hadde Det juridiske fakultet i Bergen 10 plassar til sommarprogrammet i Bejing, og det var 68 studentar som søkte om å få vere med. På bakgrunn av den store interessa er fakultetet no i dialog med Renmin University om ei mogleg utviding av talet på plassar dersom erfaringane frå i år tilseier at tilbodet skal førast vidare også i framtida.

Erfaringane til Andreas har i alle fall vore svært gode. I tillegg til auka fagleg kompetanse, har han fått mange sosiale og kulturelle erfaringar med seg.

– Det er nok av store opplevingar og inntrykk i ein storby som Beijing, men eg er nok mest oppteken av dei små tinga som å vandre gatelangs i smitt og smau i dei gamle Hutong-strøka i sentrum, legge leseøkta til ein kafé i ei bakgate, ete dampande mjølbollar, pekingand, lammegrillspyd og gloheite supper til det blir mørkt, for så å lene seg tilbake i drosjen på veg heim medan ein ser på alle neonlysa gjennom vindauget, skildrar han.