Hjem
Styre og ledelse
Rektorkandidat

Team Hagen

Hovedinnhold

Margareth Hagen stiller som rektorkandidat i rektorvalet for 2021 med Pinar Heggernes som prorektorkandidat. Med oss har vi Annelin Eriksen og Gottfried Greve som viserektorkandidatar.

Vi er eit lag frå ulike delar av universitetet, frå ulike fagområde, med ulike måtar å undervisa og forska på, med breie og varierte leiarerfaringar. Det gjer at vi samla har svært god innsikt i fagmiljøa og kvardagen til studentane, forskarane og dei teknisk- og administrativt tilsette. Vi har eit stort engasjement for universitetet si sentrale rolle i samfunnet, og eit ønskje om å verna om universitetet sine grunnleggande verdiar i ei tid der dei er under press, nasjonalt og internasjonalt. At forskinga er uavhengig, er grunnleggande for samfunnsutviklinga og for kvaliteten og tilliten til kunnskapen vi skaper.

Universitetet i Bergen er eit forskingsintensivt breiddeuniversitet. Langsiktig arbeid, kvalitet, openheit, fri kritisk tenking og tillit til arbeidet i fagmiljøa og fakulteta er grunnleggande verdiar i valprogrammet vårt. Det same gjeld å hegne om fagmiljøas eige kvalitetsarbeid i forsking og utdanning. Vi vil vera tydelege forsvararar av akademisk fridom og demokrati, opne meiningsbrytingar og fagleg sjølvstende. Vi vil arbeida for gode vilkår for å løysa kjerneoppgåvene til universitetet.  Vi vil styrkja ein stolt UiB-identitet og eit sterkt fellesskap mellom studentar og tilsette.

Det nasjonale universitetslandskapet er i endring, og vi meiner det er avgjerande at UiB utviklar si rolle som eit sterkt forskingsuniversitet. Vi vil i dette arbeidet arbeide systematisk for kvalitet på alle område, og stå stødig i alle vegval der universitetet sine kjerneverdiar står på spel. I det store mangfaldet av utdanningsinstitusjonar, vil vi arbeida for å sikra dei forskingsintensive breiddeuniversiteta sitt særlige samfunnsoppdrag.

UiB skal vera framtidas universitet. Det vert vi framfor alt ved å satsa på kvalitet og gode fagmiljø for studentar og tilsette. Vi meiner at UiB nå er best tent med å konsolidere kjerneaktiviteten, støtte opp om fagmiljøa og leggje godt til rette for eksisterande satsingar. Dei neste åra vil to områder peke seg ut som gjennomgripande: universitetets rolle i arbeidet for en bærekraftig framtid og i den digitale utviklinga.  

Samfunnsrolla til universiteta er omfattande og djuptgripande. Vårt universitet bidrar med kreativitet, nybrotsarbeid og grensesprengande forsking, vi utdannar framtidas arbeidskraft og bidrar med kunnskap for å løysa sentrale samfunnsutfordringar. Vi vil arbeide for økt mangfald blant studentar og tilsette. Dette er ei rolle vårt rektorat vil forvalta med stort alvor og aktsemd. Det er også eit ansvar vi alle – tilsette og studentar – må ta på oss.

Vi går sterkt inn for universitetsdemokratiet. Eit vald rektorat hentar legitimiteten sin frå veljarane, frå kollegaene og studentane. Oppgåva for eit rektorat handlar om å leggja til rette for gode strategiske og demokratiske prosessar i organisasjonen, og arbeida for at institusjonen får gode rammer og vert styrkt. Vald rektor inneber eit rektorat i samspel med ein motivert og godt kvalifisert administrasjon med universitetsdirektøren i spissen. Dette gjer rektoratet sterkare fordi det på denne måten kan konsentrera seg nettopp om fagleg leiing og utviklinga av den fulle breidda av fag som er på ein institusjon som Universitetet i Bergen.

Les meir:
www.teamhagen.no

https://www.facebook.com/teamhagen2021