Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
forskergruppe

Forskargruppa BLAU (Bruksbasert lingvistikk, andrespråkslæring og -undervisning)

Ei forskargruppe med fokus på tema knytt til andrespråkslæring, -undervisning og fleirspråklegheit i eit bruksbasert perspektiv.

Ordsky bestående av stikkord relatert til bruksbasert lingvistikk
Foto/ill.:
Kristine Vårdal, UiB

Hovedinnhold


Tilnærmingar til andrespråkslæring og -undervisning som med ei felles nemning kan omtalast om bruksbaserte (eng. usage-based), er i dag på frammarsj i internasjonal andrespråksforsking. Nokre sentrale hypotesar i bruksbaserte tilnærmingar er: Språkkunnskap veks fram frå røynsle med språk i brukshendingar (usage events); språklæring er læring av konstruksjonar (form-funksjon-tilordningar); språklæring er eksemplar-basert; frekvens i input har innverknad på læringsprosessen; språklæring er ein dynamisk utviklingsprosess; implisitt assosiativ læring gjer seg gjeldande også for vaksne innlærarar.


Medlemene i forskargruppa har som felles interesse å studera andrespråkslæring og -undervisning sett i lys av bruksbasert lingvistikk (Usage-Based Linguistics). Kjernen i gruppa er tilsette frå fagmiljøet i norsk som andrespråk og nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. I tillegg kjem masterstudentar som arbeider med relevante prosjekt. Gruppa er også open for eksterne medlemer med interesse for feltet. Det er t.d. oppretta samarbeid med Bergen Læringssenter for norsk og samfunnskunnskap og med NAV Bergenhus.
 

Medlemer

Tilsette ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, UiB:

Eksterne medlemer:

  • Bjørnar Iden Bjerkeset, Bergen Læringssenter, Bergen kommune
  • Marte Bjørklund, Bergen Læringssenter, Bergen kommune
  • Ingrid Feline Hauge, Bergen Læringssenter, Bergen kommune
  • Paulina Horbowicz, universitetslektor, Adam Mickiewicz-universitetet i Poznań
  • Stian Kervell, lærar, Bømlo kommune
  • Olaf Mikkelsen, universitetslektor, Adam Mickiewicz-universitetet i Poznań
  • Espen Strøm Lønvik, universitetslektor ved NTNU
  • Marte Nordanger, førsteamanuensis, Høgskolen i Innlandet
  • Solveig Weltzien, Bergen Læringssenter, Bergen kommune