Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Namneserie - Møre og Romsdal

Namneinnslag på NRK Møre og Romsdal hausten 2010. Blant emna er førenamn for straffedømde, endring i bruk av sen-namn, etternamn for kvinner og menn i par, og uvanlege kombinasjonar i doble førenamn.

Hovedinnhold

Doble førenamn der eitt er gamalt i Noreg og eitt er utanlandsk

"Charles Bjørnulf - moderne og open for nye impulsar"

http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7348099

"– Eg trur ein har vore mest kreative på å hente inn utanlandske namn langs kysten av Noreg. Ein har vore til sjøs og henta impulsar frå det store utland. Men ellers ser jo folk på TV og hentar inspirasjon der også, seier Ivar Utne. [...]

Dersom nokon får to namn, blir det også naturleg at kombinasjonen med eit "nytt" og eit "gammalt" namn virkar litt framand. [...]

– Eller Emma Tallulah?

– Ja. Det første er kjent, det andre er mindre kjent."

(Sendt 27.10.2010.)

 

Sen-namna minkar

"Hansen kan bli eksklusivt"

http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7322912

"Om 150 år kan Hansen vere eit eksklusivt etternamn i Noreg. I alle fall om utviklinga held fram som no. [...]

– Det er omlag ein million menneske i Noreg som har -sen namn - ca 22,5 prosent av alle innbyggjarane. Tidleg på 1900-talet hadde 50 prosent av folket -sen namn. Det har gått sakte men sikkert nedover, og det er stort sett gardsnamn som har erstatta -sen namna, forklarar han. [...] Statistikken viser mellom anna at mange kvinner vel vekk -sen namn når dei giftar seg."

(Sendt  6.10.2010. Annan versjon i Nitimen 6.10.2010.)

 

Førenamn for straffedømde (kriminelle)

"Passar på Kim og Ronny....og Einar."

http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7333467

"Er det nokon samanheng mellom kriminelle og namn? [...] Vi har laga namnetoppar av desse og samanlikna med det som var vanlege namn i dei same aldersgruppene. I alle dei tilfella har eg enda opp med at ein ikkje kan sjå at der er nokon skilnad. Vi kan for eksempel ikkje sjå at der er fleire som heiter Ronny blant alle desse forbrytarane enn det i befolkninga elles."

(Sendt 13.10.2010.)

 

Etternamn for ektefellar og sambuarar

"Tek mannen og namnet"

http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7313100

"8 av 10 kvinner gjer som Ragnhild Elisabeth Isaksen Klokk. Dei tek mannens etternamn når dei giftar seg. [...] Dessuten er det veldig mange som ikkje giftar seg - og sambuarar skiftar nesten aldri namn. [...] Ivar Utne har dermed rekna seg fram til at omlag 60 prosent av norske kvinner som er i eit parforhold held på sitt eige etternamn i dag."

(Sendt  29.9.2010. Også i Norgesglasset, NRK P1, fredag 1.10.2010.)

 

-

Fleire innslag kjem, truleg to om førenamn.

 

(Oppretta 15.10.2010.)