Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Rehabilitering

Tettar taket på Realfagsbygget

Taket på Realfagsbygget har i år hatt fleire lekkasjar, og har frå Fløyen sett ut som grasteppe på ein fotballbane. Renovasjon i løpet av hausten har både tetta og vaska taket.

Taket på Realfagsbygget renovert
FRÅ GRØN MATTE TIL REINT TAK: Taket på Realfagsbygget er både tett og reint. All grusen er bytta ut.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

– No er taket potte tett, seier Eva Blytt, prosjektleiar i Eiendomsavdelingen.

Taket er no bytta ut, isolert og tekka på nytt. Blytt fortel at all grusen på taket er fjerna, taket er vaska og reint, fått ny grus og ein har utbetra fleire lekkasjar og erstatta takhetter.

Realfagsbygget er ein av dei største enkeltståande bygningane i Noreg, og har kring 47.000 kvadratmeter bruksareale. I alt har det vore 28 store og små lekkasjar i taket på bygget. Vatnet har i årevis vore samla opp i små og store bøtter og fat, og skal ikkje ha kome vidare ned i bygget.

– Det er lite råteskade, men det skal jo ikkje vera vatn i eit bygg, seier Blytt.

Dekan Helge K. Dahle og Bjørn Åge Tømmerås, areal- og logistikkdirektør ved fakultetet, var på synfaring på taket 12. januar.

– Dette er eit signal på at moderniseringa av Realfagsbygget er kome ordentleg i gang, seier Tømmerås.

Realfagsbygget vert for tida oppgradert for kring 25 millionar kroner. Mellom anna får studentane nye lesesalsplassar og ein oppgraderer inne i bygget. Arbeidet fortset i 2017. Hangaren vert riven, og nye leseplassar, bibliotek og kaffibar skal etablerast. Hovedinngangen vert flytta mot sør.