Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

Vil ha meir likestilling ved MatNat

Sjølv om det er fleire kvinner i faste vitskaplege stillingar ved fakultetet no enn tidlegare, vil ein med dagens utvikling nå målet om kjønnsbalanse lenge etter 2050. Dekan Helge K. Dahle vil gjere noko med den skeive kjønnsbalansen.

Kvinne som skriv på tavle, illustrasjonsbilete
KJØNNSBALANSE: MatNat-fakultetet har færre kvinnelege professorar enn mannlege. Målet er å rekruttere likt.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

14 prosent av professorane ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er kvinner, i følgje Likestillingsstatistikken for UiB for 2016, og slik har det vore sidan 2011.

Det er alt for dårleg, meiner dekan Helge K. Dahle.

– Statistikken viser at vi heng etter. Vi har sett ei positiv auke i kvinnelege førsteamanuensar dei siste åra, men det går alt for seint i professorgruppa, seier dekanen.

– Eg er ikkje tvil om at fleire kvinner i fast vitskapelige stillingar vil vere bra for fakultetet, legg han til.

Vil ha raskare endring

I 2009 hadde fakultetet 10 prosent kvinnelege professorar.

Dahle meiner at fakultet bør ha eit mål om kjønnsbalanse i alle stillingskategoriar.

Fakultetet har retningsliner om å prioritere og lyse ut faste vitskapelige stillingar som førsteamanuensis framfor professor. Det er eit verkemiddel for å endre på den skeive kjønnsbalansen. Fakultetet har også særfordelar for kvinner når det gjeld opptening av rettigheiter til forskingstermin.

– Vi har tal som tyder på at kvinner i førsteamanuensisstillingar raskare vert professorar enn menn, seier dekanen.

Talet på kvinnelege førsteamanuensar ved fakultetet har stige med 10 prosent sidan 2009 – i 2016 er 29 prosent av desse kvinner. Dekanen synest det er positivt, men langt frå godt nok til å utlikne den skeive kjønnsfordelinga ved fakultetet innan ein rimelig tidshorisont.

– I 2016 var kun 39 av totalt 212 faste vitskapelege tilsette kvinner, 17 førsteamanuensar og 22 professorar. Når vi framleis ser så store skilnadar, kan det hende at vi må bruke sterkare verkemiddel enn i dag, seier Dahle. 

Skal legge til rette

Kalling av kvinnelige professorar kan vere eit slikt tiltak, altså direkte tilsetjing utan utlysing. Dette vil krevje at vi finn kvinner med CV som klart forsvarer ”kalling”, samstundes med at vi kan tilby dei startpakkar som gjer det interessant å komme hit. Dekanen meiner også at ein kan legge til rette for at karrierestigen innan akademia i større grad tar omsyn til familie.

Studentane ved fakultetet er om lag likt fordelt mellom kvinner og menn, men med instituttvise variasjonar. 43 prosent av stipendiatane er kvinner, medan 29 prosent av førsteamanuensisane altså er kvinner.

Dahle har ikkje noko enkelt svar på kvifor færre kvinner enn menn fortset og vert professorar.

– Dette er samansett og komplekst. Realfaga har tradisjonelt vore mannsdominerte. Kvinner søkjer gjerne meir sikre jobbar og karrierar. Ikkje minst er det gjerne slik at kvinner i ein kritisk del av karrieren i større grad enn menn har omsorg for born, seier Helge K. Dahle.

Kvinner og menn skal vurderast likt, meiner dekanen.

– Sjølv om Noreg har kome langt på likestilling er det likevel forsking som tyder at både kvinner og menn tenderar til å oppvurdere menn sine kvalifikasjonar. Vi må derfor også passe på at ikkje umedveten diskriminering skjer, og at kvinner vurderast på like vilkår som menn, og får same vilkår som menn når det gjeld ressursar og merksemd.