Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

FN prioriterer havforsking

Dei Sameinte Nasjonane har vedteke at åra mellom 2021 og 2030 skal vera eit tiår der havforsking og deling av kunnskapen står i høgsetet.

Midnattsol på forskningstokt i Norskehavet, august 2016. Foto: Emil Jeansson
HAVET OG BEREKRAFT: Dei Sameinte Nasjonane har vedteke at havforsking og deling av kunnskapen ein får skal få ekstra prioritet i eit heilt tiår.
Foto/ill.:
Emil Jeansson, NORCE

Hovedinnhold

– Målet er at forsking, analyse og datainnsamling rundt havet skal stå i sentrum, og ikkje minst korleis ein deler denne kunnskapen. Marin forsking skal verta meir anerkjent og sjåast på som ein felles ressurs, seier Peter M. Haugan.

Haugan er professor ved Geofysisk institutt ved UiB, og ikkje minst leiar for Intergovernmental Oceanographic Commision (IOC), ein del av organisasjonen UNESCO i Dei sameinte nasjonane (FN).

IOC og UNESCO skal leia kampanjen, som har fått namnet Decade of Ocean Science for Sustainable Development (2021-2030).

Kunnskap om havet

Prosjektet er tett knytta til Berekraftsmål nummer 14, som tar for seg korleis verda kan ta vare på og utnytta havet på eit berekraftig vis.

– Dette tiåret skal gi oss meir kunnskap om havet, som skal hjelpe oss å løysa store utfordringar. Lite kunnskap om havet gjer at vi skadar økosystem, gjennom til dømes havforsuring og overfiske. Då kan vi mista økonomiske verdiar og grunnlaget for berekraft, seier Haugan.

Dei siste to åra har han, i kraft av leiarstillinga i IOC, lagt fram for forskarar, ambassadørar og diplomatar kva kampanjen vil innbera.

Vil redda liv

Haugan er sikker på at ei betre havforsking og meir deling av kunnskapen kan redda liv. Eit døme er om ein kan få løyve til å plassera trykkmålarar på dei store undersjøiske internettkablane, som oftast er eigde av store teleselskap.

– Slike trykkmålarar kan gi oss ei betre og raskare varsling av tsunamiar. Betre måling av temperaturar i havet kan gi betre varsling av tropiske stormar. Betre nedbørsvarslingar kan vera svært nyttige for landbruket både i Afrika og i Midt-vesten i USA, seier han.

Haugan trur det viktigaste prosjektet vil bringa med seg er ein koordinert forskingsinnsats over heile verda og at ein kan ta kunnskapen i bruk for å gjere globale politiske vedtak.

– Då er det viktig at vi får eit system for å dela informasjon, og ikkje fortset med eit ressurskappløp. Vi må støtta dei som deler kunnskap.

Full støtte frå FN

Han trur både Noreg og UiB har mykje å bidra med i det ti år lange prosjektet, både statleg hald og frå forskingsinstitusjonane.

– Det er ein stor inspirasjon for arbeidet framover at FN støttar dette fullt ut. No kan me utarbeida dette fram mot starten i 2021 og få med oss fleire av dei andre organa i FN, samt ei lengre rekkje andre organisasjonar og verksemder seier Haugan.

Han trur den ti år lange satsinga vil gi konkrete resultat.

– Om ti år håpar eg vi har eit globalt system for data- og informasjonsdeling, der ein deler kunnskap som kan gagna heile verda.