Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Jubilanten!

Institutt for informatikk fyller 25 år i år, og feirar med ope jubileumsseminar fredag 23. oktober. Alle interesserte er hjarteleg velkomne!

Hovedinnhold

 

25-årsjubileet til Institutt for informatikk vil bli feira den 23. oktober med fem spennande føredrag. Ein entusiastisk administrasjonssjef Ida Holen gler seg stort til seminaret: ” Det er ingen ringare enn Georg Apenes som opnar ballet med eit særs aktuelt tema, nemleg kvifor vi treng personvern. Vi skal sidan få eit innblikk i korleis instituttet har utvikla seg dei siste 25 åra, og vi skal få høyra kva dei yngste og mest ferske informatikkforskarane tenkjer om framtida til faget. Vi har dessutan invitert nokre til å sjå oss litt utanfrå - vonleg med skråblikk og litt kritisk snert. Eit 25-årsjubileum er jo nettopp eit fint høve til å ta litt lærdom og tenkja nytt også”.

 

Ope for alle
Ida Holen kan fortelja at arrangementet er ope for alle, og ho vonar at flest mogleg vil ta turen til VilVite denne fredagen: ”Vi kan med vissa seia at dette er eit høve ingen med eit snev av interesse for informatikkfaget bør gå glipp av. Første delen av programmet går på norsk, medan programmet etter lunsj blir på engelsk. Vi satsar på god stemning i uformelle rammar, og vi kan dessutan lova noko godt å bita i til alle som kjem”.

 

Framifrå utvikling
Frå å vera ei lita gruppe på Matematisk institutt har Institutt for informatikk utvikla seg til å bli eit kraftfullt forskings- og undervisningsinstitutt. ”Ved NAVF-evalueringa i 1992 og NFR-evalueringa i 2002 fekk instituttet framifrå omtale. Med ein omfattande vitskapleg produksjon i 25 år har instituttet bidratt til utviklinga av dei delane av faget som vi forskar på,” seier ein stolt instituttleiar Torleiv Kløve.

 

Ein leverandør av kunnskap og teknologi
I løpet av sine 25 år har instituttet uteksaminert om lag 90 PhD- og om lag 400 hovudfags- og masterkandidatar. ”Ein del arbeider i akademia og forvaltning, men dei fleste arbeider i norsk næringsliv og industri. Vi har frå tid til tid hatt samarbeid med CMR. Fleire på instituttet har hatt (og har) konsulentoppdrag for industrien,” fortel Kløve.

 

Mye spanande
Det skjer mye spennande på Institutt for informatikk i desse dagar, mellom anna har ein fått etablert ei ny gruppe innan visualisering. ” Gruppa har ein professor tilsett i 2007 og ein førsteamanuensis tilsett i 2008. Gruppa har no omlag 10 stipendiatar/postdoktorar. Dei har fått NFR-prosjekt og EU-prosjekt. Dei har etablert fagleg samarbeid med medisin, havforskning og oljeindustrien,” seier Kløve.  

 

Samarbeid
Instituttleiar Torleiv Kløve er óg opptatt av det gode samarbeidet instituttet har med andre einingar ved UiB og resten av verda: ”Vi har samarbeid med Molekylærbiologisk institutt og BCCS når det gjeld bioinformatikk, m.a. med felles forskarskole. MCS. Alle forskingsgruppene har eit omfattande internasjonalt forskingssamarbeid. T.d. i 2008 publiserte vi 150 artiklar og om lag 100 av desse hadde utanlandske medforfattarar”.

 

Instituttets rolle i framtida
Kløve ser optimistisk på instituttet si rolle i framtida. ”Bruk av databehandling er grunnleggjande for ein stadig større del av næringslivet og privatlivet. Spesielt er informatikk eit basisfag for alle naturvitskapane. Instituttet vil difor i framtida vidareføra alle dei sentrale rollane vi har i dag: produksjon av kandidatar, produksjon av forsking, kurstilbod til resten av fakultetet, formidling. Merk t.d. at resultatmidlane utgjer ein større prosentvis del av tildelinga vår frå fakultetet enn for nokon av dei andre institutta på fakultetet, dvs. vi er mest produktive i høve til ressurstildelinga. For institutta samla er  5,10 % resultatmidlar . Vi har 7 %, Matematisk institutt har  6,8 % og dei andre institutta på fakultetet har mellom 4 og 6 %.”