Hjem
Det medisinske fakultet

Åtte millionar til stamcelleforsking

Bergens forskningsstiftelse har i eit styrevedtak løyva åtte millionar kroner til eit fireårig rekrutteringsprosjekt. Dette er eitt av tre prosjekt ved Universitetet i Bergen (UiB) som får middel frå stiftinga i år.

Hovedinnhold

Tildelinga er gjeven som støtte til eit forskingsprosjekt med tittelen «A stem cell differentiation approach to study development of diabetes and pancreatic disease”. Prosjektet skal leiast av Helge Ræder, professor II ved Klinisk Institutt 2, og tek sikte på å klargjere for produksjon av nye insulinproduserande celler til diabetikarar. Fakultetet har forplikta seg til ei tilsvarande finansiering, slik at prosjektbudsjettet totalt blir 16 millioner kroner.

Bergens forskningsstiftelse blei oppretta av Trond Mohn i 2004, og har som føremål å støtte forsking og tiltak som fremjar forsking ved UiB eller ved Haukeland Universitetssjukehus. Dette er eit ledd i rekrutteringa av framtidige forskingsleiarar til forskingsverksemda i Bergensregionen.

Stiftinga opnar for at framifrå unge forskarar kan søkje om middel, og ynskjer å gje desse talentfulle unge forskarane særs gode rammevilkår. På denne måten vil stiftinga medverke til å realisere potensiale for å oppnå «international excellence», og dermed støtte rekruttering og utvikling av forskingsleiarar i verdsklasse til ulike forskingsområder ved UiB.

Det viktigaste kriteriet for å velje kva prosjekt som får middel, er høgt vitskapleg kvalitetsnivå etter internasjonale standardar. Kandidaten sine evne til og ambisjonar om å bygge opp og leie ei forskingsgruppe, samt til å samarbeide med internasjonalt leiande forskingsgrupper, er også viktige kriterium.

Fakultetet gratulerer, og ynskjer lukke til med arbeidet med prosjektet!