Hjem
Det medisinske fakultet

Ny dyre-PET kan løyse helsegåter

Snart kan forskarane ved UiB også skanne rotter og mus. Det kan bli viktig for di framtidige helse.

Hovedinnhold

Bergens medisinske forskingsstifting har gjort det mogleg. Dei har gjeve 12 millionar kroner til Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), for kjøp av ein PET-skannar til bruk på små dyr. Enkelt fortalt så tek maskina bilete av indre organ, og gjer det mogleg å sjå sjukdom, sjekke kva behandling som fungerer –og kva som ikkje gjer det- og dermed utvikle nye og betre behandlingsteknikkar. Noko som igjen kan komme sjuke menneske til gode.

Viktig for mange

Før nokon blir sendt til PET-skanning, så får dei sprøyta inn eit stoff i blodet som inneheld bittesmå radioaktive atom. Det er strålinga frå desse som kan registrerast frå utsida av kroppen. Bileta som kjem fram viser kva biologiske prosessar som skjer inne i cellene. PET-skanning har allereie vore viktig i å utvikle betre behandling av sjukdommar som råkar mange av oss, som kreft eller Alzheimers. 

Dagleg leiar ved Bergens medisinske forskingsstifting, Kåre Rommetveit, seier dei håpar og trur pengegåva kan gje resultat i form av betre helse for mange.
– Dette er ein del av kompetansebygging og forsking, seier han.
- Dette er ein del av vår strategi for å bygge opp forskingskompetanse. På sikt trur vi absolutt at dette vil ha overføringsverdi til vanleg medisin, og såleis hjelpe sjuke folk.

Professor Olav Tenstad ved Institutt for biomedisin er heilt einig.
– Dette er eit enormt løft for forskinga vår, seier han.
– Denne PET-skannaren vil truleg vere avgjerande for utviklinga av betre behandlingsmetodar. Her vil vi få svært mykje nyttig informasjon, som kan brukast til behandlinga av mange sjukdommar. Kjøpet av denne skannaren vil sette inn eit nytt gir i forskinga. Det er eit stort framsteg, og eg gledar meg veldig til å ta den bruk.

Samarbeid

Når PET-skannaren er oppe og går, så vil drifta vere eit samarbeid mellom Det medisinsk-odontologiske fakultet og Det matematisk-naturvitskapelige fakultet ved UiB, samt Helse Bergen. Maskina vil stå i PET-senteret ved Haukeland Universitetssjukehus og vil vere tilgjengeleg for forskarar frå mange stader i landet og fleire fagmiljø.

Dekan Nina Langeland ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Uib, har stor tru på nytteverdien av den nye PET-skannaren for smågnagarane.
- Gåva til dyre-PET-skannar frå Bergens medisinske forskingsstifting er svært viktig for oss, seier ho.
- Dette bidreg til målet om at forskarar ved vårt fakultet til ei kvar tid skal få tilgang til topp moderne forskingsinfrastruktur. Vi blir også betre rusta til å samarbeide med andre forskarar, både nasjonalt og internasjonalt, avsluttar Langeland nøgd.

Fakta om PET:

  • PET er ei forkortig for positron-emisjons-tomografi
  • Dei som skal skannast får sprøyta inn eit radioaktivt stoff i blodet, vanlegvis ein radioaktiv variant av druesukker (FDG)
  • PET-skanning brukast i dag rutinemessig ved kreftdiagnostikk
  • PET kombinerast ofte med såkalla Computer Tomography (CT), ein type røntgen, slik at ein kan legge PET- og CT-bileta oppå kvarandre
  • Den nye PET-skannaren for smådyr kjem i stand ved at Bergen medisinske forskingsstifting har gjeve 12 millionar kroner, Norges Forskingsråd har gjeve tre millionar og Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB har bidrege med ein million kroner.

Kjelder: Bergens Medisinske forskingsstifting, petsenteret.no