Hjem
Det medisinske fakultet

YLF-avslutning for kull 2

Sist fredag var det avslutning med kull 2 i YLF-programmet, Yngre Forskingsleiarar. Og det var ein nøgd gjeng som samlast!

Hovedinnhold

YFL-programmet vart oppretta for å satse på yngre leiarar. Målet er å gjere dei gode enda betre, og å få fleire kandidatar til å ta leiaroppgåver i framtida. Til no har det vore to kull, kvart kull på åtte  dyktige forskarar.

-YFL-satsinga er svært viktig for fakultetet, seier prodekan for forsking, Robert Bjerknes.

-Vi ynskjer å støtte opp om og utvikle dei beste yngre forskingstalenta våre. Dette er vi mellom anna overtydde om vil bidra til god forskning og gjere våre miljø ennå betre rusta i konkurransen om forskingsmidlar, seier Bjerknes.

Spekka med ny kunnskap

Programmet inkluderer fem samlingar med ulike tema. Både eksterne og interne foredragshaldarar har blitt henta inn. Kull 2 fekk kunnskap om leiarutvikling, rekruttering, intervjuteknikk, ekstern finansiering og søkeprosessar, etikk i forskinga, personalleiing og kommunikasjon. Og sist, men ikkje minst – ein tur til Brussel, der dei besøkte Forskingsrådet sitt Brusselkontor, Europakommisjonen, Det Norske Hus, EFTA-sekretariatet og Europaparlamentet.

- Dette var gull verd, fortel deltakar i kull 2, Esperanza Diaz ved Institutt for samfunnsmedisin.

-Eg har gjennom dette året reflektert ein del om kva det vil seie å vere leiar, og «Le-del-se» var ei god oppskrift, seier ho. –Eg traff spanande menneske blant dei andre deltakarane, og lærte mykje gjennom dei om korleis Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB er organisert og kva slags "kultur" vi lever i. Vi hadde også nærkontakt med universitetsleiarane på høgt nivå, ikkje minst gjennom turen til Brussel. Dette var også lærerikt. Travle menneske som brukar si tid for å finne ut av korleis pengene skal skaffast. Det er også realiteten på fakultetet i dag, om vi likar det eller ikkje. Sist, men ikkje minst, hadde vi det privilegiet å ha ein personleg, erfaren mentor tilgjengeleg. Dei traff oss "kor vi var", slik Kierkegaard meiner ein skal gjere i kva slags samtale som skal invitere til refleksjon og endring, avsluttar Diaz.