Hjem
Det medisinske fakultet

Aminosyrer og svangerskapsforgifting

Svangerskapsforgifting kan føre til redusert fostervekst og for tidleg fødsel. No har forskarar ved UiB funne at ei spesiell aminosyre kan spele inn ved svangerskapsforgifting, og då særskilt blant dei gravide som er overvektige.

Hovedinnhold

Aminosyrer er kjent som kroppen sine byggesteinar. Det er åtte hovudtypar for mennesket, og desse finst i alle levande celler. Ein av dei åtte er tryptofan, som finst i små mengder i blodet. Dersom ei gravid kvinne har meir enn vanleg av nedbrytingsstoffet frå tryptofan, aukar risikoen for svangerskapsforgifting.

Kartla 3000 norske kvinner

I ein studie som er gjennomført i samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Haukeland Universitetssjukehus og Nasjonalt Folkehelseinstitutt, gjekk forskarane grundig til verks og analyserte data frå Den norske Mor og Barn-undersøkinga. Biologisk materiale og spørjeskjema frå 3000 norske kvinner vart analysert.

Forskarane fann ein sterk samanheng mellom nedbrytingsstoffet frå tryptofan, kynureninsyre, og svangerskapsforgifting.  Ved mykje kynureninsyre i blodet auka risikoen for svangerskapsforgifting frå tre prosent for moderat høge konsentrasjonar – til heile 11 prosent for dei som hadde betydlege mengder i blodet. Og risikoen var klart størst for dei gravide som var overvektige.

Funna er nyleg publiserte i det internasjonale tidsskriftet Obstetricks and Gyneology. Ein av forskarane som har stått i bresjen for prosjektet er Roy Miodini Nilsen. Han presiserer at dei har funne ein samanheng, ikkje ein klar årsakssamanheng.

-Våre funn baserar seg på ein såkalla observasjonsstudie, fortel Miodini Nilsen.

-Slike resultat kan ikkje brukast til å vurdere årsakssamanhenger. Det trengs difor meir forsking for å avdekke om kynureninsyre i seg sjølv er direkte knytta til utvikling av svangerskapsforgifting. Dersom dette blir påvist, så vil det kunne opne opp for betre førebygging og behandling, seier han.