Hjem
Det medisinske fakultet

Eit gløtt inn i framtida

Du har sikkert høyrt snakk om «Framtidas fakultet», men veit du kva det eigentleg inneber? Måndag 30. januar kan du få vite meir, då inviterer dekanen til allmøte.

Hovedinnhold

Bakgrunnen

Målet med omorganiseringa er rett og slett å organisere utdanning og forsking på ein enda betre måte.

Det medisinsk-odontologiske fakultet er spekka med dyktige folk, noko som viser igjen i forskingsresultat og nivået på utdanninga. Men samfunnet er i stadig endring, og ein evalueringsrapport gjort i fjor av Oxford Research synleggjorde at tida var inne for endringar også her på fakultetet.

Den beste forskinga ved fakultet er ofte tverrfagleg, og går ut over instituttgrensene. Samstundes vil ein fortsette med å byggje ut kjernefasilitetar som er felles for heile fakultetet, og legge til rette for større robustheit i tverrgåande forskingsgrupper og sentra.

Kva skjer?

Talet på institutt vil bli redusert. Ein skal styrke undervisningsorganiseringa, samt funksjonar som er til gode for forskarane. For å nemne noko.  

Seksjonssjef på studier, Kim Ove Hommen, er spent på det som skal skje. –Eg forventar tydeleggjering av strategisk leiing, samt ytterlegare profesjonalisering og målretting av dei administrative støttefunksjonane ved fakultet, seier Hommen.

Vil du vite meir, så sett av halvanna time måndag 30. januar. Klokka 12 inviterer dekan Nina Langeland til allmøte i Store Auditorium i tredje etasje på Haukeland Universitetssjukehus.  I tillegg til informasjon frå dekanen, vil også fakultetsdirektør Nina Mevold, studiesjef Kim Ove Hommen og leiarane av arbeidsgruppene ha innlegg. Det blir høve å stille spørsmål på slutten.

Så lag plass i kalendaren og få ein gløtt inn i framtida ved fakultetet! 

Du kan lesa meir om framtidens fakultet her!