Hjem
Det medisinske fakultet

Stor interesse for framtidas fakultet

Salen summa fem minutt før allmøtet om framtidas fakultet starta. Kommande endringar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB hadde fått fleire hundre til å møte opp.

Foto/ill.:
A.S. Herdlevær/MOF

Hovedinnhold

Det var ei spent og variert forsamling som benka seg i Store Auditorium på Haukeland Universitetssjukehus. Her sat indremedisinarane, instituttleiarar, tilsette i kvite legefrakkar og tilsette i dongeribukser side ved side. Dekan Nina Langeland starta med å ønske velkommen.

-Eg er svært glad og audmjuk for at så mange av dykk har møtt opp i dag, sa Langeland. –Eg ønsker sterkt at alle tilsette ved fakultetet skal bidra i denne prosessen. Eg vil gjerne høyre kva de meiner skal til for å få ein best mogleg arbeidssituasjon i framtida. Og la meg understreke – det er ikkje ille i dag. Mykje er veldig, veldig bra. Vi gjer dette for bli enda betre på forsking og undervising.

Langeland fortalte at dei ville gjere det enklare for forskarane å arbeide tverrfagleg. –Vi må gjere noko som kan stimulere til dette, vi må gjere det enklare å jobbe på denne måten, sa ho. –Og vi har ikkje råd til å vere kvarandre sine konkurrentar. Det kan ikkje vere «vi» mot «dei» - vi må stå samla.

I sin presentasjon viste Nina Langeland at samarbeid på tvers vil vere i fokus framover. Både internt, men også ut mot sjukehuset, andre fakultet ved UiB, Høgskulen i Bergen, Helse Vest og Folkehelsa. For å nemne nokon.

For få indianarar

Fakultetsdirektør Nina Mevold forklarte i sitt innlegg bakgrunnen for omstruktureringa. –Storleiken og samansetninga på dei ulike institutta i dag er svært ulike, sa Mevold. –Kva har det å seie for utdanninga og forskinga? Det var eitt av spørsmåla vi stilte oss i fjor, då vi snekra bestillinga til den eksterne evalueringa.

Mevold forklarte om prosessen som allereie har blitt gjennomført. Eit eksternt konsulentfirma, Oxford Research, hadde hatt ein grundig evaluering av fakultet. Konklusjonen deira var at det er ting som kan bli betre. Oxford Research ga råd om å forenkle organisasjons- og styringsstrukturen, det vil seie få færre institutt. –Det vart visst sagt at det er for mange høvdingar og for få indianarar her, sa Mevold. Ei styrking av undervisingsstrukturen og av dei administrative funksjonane var også på sin plass, meinte konsulentane.

Mevold presenterte også tidslina framover. Fram til oktober 2012 skal det planleggast og prosjekterast, ein skal finne ut kva som er den aller beste måten å jobbe på. Deretter skal vedtaka gjennomførast, og i januar 2013 skal framtidas fakultet vere på plass.

-Gje oss innspel

Representantar frå fleire delar av arbeidet som er i gang fekk taletid, og orienterte om korleis dei ser føre seg det vidare arbeidet. Til slutt opna dekan Nina Langeland opp for spørsmål. –Eg vil gjerne ha spørsmål og innspel, sa ho. Skriftleg eller på e-post. No eller seinare.

Langeland trengte ikkje å vente lenge. Frå salen kom det spørsmål om både studieplanen, kommunikasjon, og sentral universitetspolitikk. Temaet engasjerte, og meir diskusjon vil det utvilsamt bli framover.

Fekk du ikkje med deg allmøtet? Eller vil du berre vite enda meir? Les meir om framtidas fakultet -  https://www.uib.no/mofa/om-fakultetet/framtidens-fakultet