Hjem
Det medisinske fakultet

Set helseregister på kartet

Betre bruk av helseregistra er lik betre medisinsk forsking! Forskarar ved Institutt for Samfunnsmedisin ved UiB tek oppgåva, og det likar Forskingsrådet. No er Bergens-forskarane godt planta i det såkalla «Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur».

Hovedinnhold

Forskingsrådet sitt vegkart er ein presentasjon av kva store nasjonale og internasjonale prosjekt rådet ser på som særs viktige. Det er eit nålauge å få ein plass på kartet, og krava er strenge både til kvalitet og betyding for samfunnet.

No har Forskingsrådet lagt fram ein oppdatert strategi for forskingsinfrastruktur, og forsking på helseregistra skal altså løftast opp og fram. Prosjektet «Health Registries for Research» er eitt av 38 som har utmerka seg nok til å komme på kartet til Forskingsrådet.

Avdelingsdirektør i Forskingsrådet, Asbjørn Mo, er klar på at dette er velfunderte prosjekt.

-Det som har vore avgjerande for oss er prosessar som tydeleggjer det som er grundig kvalitetssikra. Vi får også tilbakemelding frå politisk hald om at dette blir teke på alvor, seier han.

Unikt materiale

Det ligg store mengder informasjon i dei norske helseregistra, som er unike i verdssamanheng. Store undersøkingar som «Mor og Barn-prosjektet», biobankar og mange andre undersøkingar gjev eit godt grunnlag for medisinsk forsking av svært høg kvalitet. Til dømes er om lag kvar tiande nordmann er representert i dei norske biobankane, eit materiale som utgjer ein viktig forskingsressurs.

Prosjektet «Health Registries for Research» skal utnytte ressursane enda betre enn det som blir gjort i dag. Målet for UiB-forskarane er å utnytte data som allereie er samla inn på ein betre måte, samstundes som personvernet skal styrkast enda meir. Prosjektet skal sikre forskarar overalt betre tilgang til verdifull informasjon, som kan gje svar på viktige spørsmål. Dessutan ligg det eit stort potensiale i framtidig samarbeid med andre land, noko som kan bli av stor betyding for medisinsk forsking – både nasjonalt og internasjonalt. 

Det er instituttleiar Rolv Terje Lie og professor Stein Emil Vollset ved Institutt for samfunnsmedisinske fag som står i bresjen for prosjektet «Health Registries for Research».

- Vi er glade for at forskingsrådet har vist at dei ønskjer å prioritere medisinsk registerforsking. Dette betyr ikkje at vi har fått finansiering av prosjektet vårt, men sjansane skulle no vere gode, seier dei. 

- Det er viktig at helseregistra blir brukt enda betre til forsking. Det må bli lettare for forskarar å få tilgang til data. Difor må dei som har ansvar for helseregistra samarbeide betre. Vidare må metodane som brukast i denne forskinga bli betre for å gi sikrare svar. Forskinga må skje på ein måte som tek godt vare på personvernet. Alt dette er viktig fordi vi kan bruke registra til å lære meir om årsaker til og omfang av sjukdom, og til å lære meir om korleis det går med pasientar vidare i livet etter at dei har fått behandling.

Forskingsrådet skriv mellom anna dette i grunngjevinga si: «Helseregistrene er en av grunnpilarene i norsk epidemiologisk forskning – et forskningsfelt hvor Norge i dag

høster stor anerkjennelse internasjonalt. Det er imidlertid fortsatt et stort uutnyttet forskningspotensial i norske helseregistre og biobanker. Infrastrukturen vil gi nye og bedre muligheter til å utnytte allerede innsamlede data i helseregistrene til flere forskningsformål.»

-Gledeleg

Prodekan for forsking ved Det medisinsk-odotontologiske fakultet ved UiB, Robert Bjerknes, er svært nøgd med at helseregister-prosjektet har blitt sett på kartet.

-Det er svært viktig for fakultetet og Universitetet i Bergen at vi no har fått eit prosjekt på Vegkartet for infrastruktur, seier han. -Det betyr at søknaden både har særs god vitskapleg kvalitet, og at denne infrastrukturen vil vere av stor nasjonal betyding for å kunne utnytte dei unike mogelegheitene som ligg i dei norske helseregistra.

Prosjektet vil koste om lag 85 millionar kroner, og har søkt Forskingsrådet om å dekke kring 57 millionar. Prosjektansvaret ligg altså hjå Institutt for samfunnsmedisinske fag, UiB. Men det er fleire samarbeidspartnarar involvert. Både Helsedirektoratet, Helse Nord RHF, Universitetet i Tromsø, NTNU, Folkehelseinstituttet og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta skal bidra.

 

Kjelder: forskingsrådet.no, fhi.no