Hjem
Det medisinske fakultet

Forsking og fakta til folket!

Nye funn om KOLS, fedme og Omega 3. Det er tid for å informere om kva forskarane på Det medisinsk-odontologiske fakultet jobbar med. På måndag går startskotet.

Forskarskulen har årleg prisutdeling for beste poster og beste munnlege...
Forskarskulen har årleg prisutdeling for beste poster og beste munnlege presentasjon. Her vinnarane frå 2010.
Foto/ill.:
Jørgen Barth

Hovedinnhold

Arrangementet heiter «Forskingspresentasjonar frå 2011» og er i regi av Forskarskulen i klinisk medisin. Her skal forskarane fortelje omverda kva dei har funne ut i løpet av fjoråret, og menyen er variert.

 

Posterutstilling der folk ferdast

Heile veka blir det posterutstilling i foajeen på Haukeland Universitetssjukehus. Pasientar, tilsette og andre interesserte kan komme og bli klokare. Det er mange tema å boltre seg i, alt frå diabetesforsking til beinmarg til kva ein eigentleg kan finne ut ved hjelp av nye ultralydteknikkar.

Inga-Cecilie Sørheim er leiar i arrangementkomiteen. -Eg trur at hovudmotivasjonen for unge forskarar er sjansen til å formidle eigne resultat til kollegaer og eit større publikum, seier ho. – I tillegg kan ein knyte nye kontakter og bli ein del av eit større forskingsfelleskap.

Torsdag 26. januar skal forskarane ha munnlege presentasjonar. Det skjer i Stort Auditorium på Haukeland Universitetssjukehus (3. et), og alle som vil kan komme og høyre på.

 

Prisutdeling

Veka avsluttast med gjeve prisar til dei beste forskingsbidraga på fredag.

Inga-Cecilie Sørheim gler seg. -Eg ser mest fram til å treffe forskarar frå mange ulike forskingsmiljø og sjå breidden i det som blir presentert, fortel ho.

-Totalt har vi fått inn 42 postarar og 19 munnlege presentasjonar, og eg gler meg til å møte forskarane ansikt til ansikt på posterrunden med juryen onsdag og under dei munnlege presentasjonane torsdag.

 

Heimesida til Forskarskulen i klinisk medisin finn du her