Hjem
Det medisinske fakultet

AG2-rapporten presentert på allmøte

Fredag samlast folk til allmøte om omorganiseringa. Spente tilhøyrarar fekk svar på mangt og mykje.

Hovedinnhold

Auditorium 1 i BBB var fullsett fredag, dei som ikkje fekk sitteplass tok trappene i bruk. Ansikta i salen var spente, forventningsfulle, skeptiske, nyfikne. Og lydhøyre.

-Det er eit stort og komplekst fakultet, dette her, sa leiar i Arbeidsgruppe 2 (AG2), Synnøve Myhre.

-Det er krevjande og leie og drifte. Vi må ha endringar for å bli betre.

Rapporten heiter «Forslag til organisering av tekniske og administrative støttefunksjoner». Mandatet er å utreie og tilrå ny organisering av dei tekniske støttefunksjonane ved fakultetet, og foreslå rammene og innhaldet i ein god administrasjon ved institutta og fakultetet. Målet er å arbeide på ein smartare og meir effektiv måte, og på den måten bli mindre sårbare.  

Synnøve Myhre gjekk grundig gjennom rapporten, behovet for endring og dagens utfordringar. Dagens modell med åtte institutt er for lite robust, og AG 2 kjem i sin rapport med tilråding om korleis ein kan organisere seg på ein betre måte. Det er allereie klart at åtte skal bli til fem institutt, men arbeidet er langt frå ferdig.

Struktur, tekniske ressursar, studieadministrasjon, forskingsadministrasjon, forskarutdanning, personaladministrasjon, økonomiadministrasjon og leiarstøtte på fakultetsnivå var nokre av tema på allmøtet.

Rapporten kan oppsummerast slik:   

For tekniske tjenester foresler AG 2 å utgreie nærare behovet for ein teknisk koordinator for å sikre oversikt over teknisk kompetanse, utstyr og innkjøp, samt laboratorieareal og infrastruktur.

Studieadministrasjon på institutt og fakultetsnivå bør bli meir robust, og sikre nærleik til studentar og undervisarar.

Forskningsadministrasjon - strategisk fagleg samordning i høve til handlingsplanar og strategi.

Forskerutdanninga vidareførast i hovudsak slik det er i dag, men styrkast med PhD-koordinator.

  • Personaladministrasjon sentraliserast i to seksjonar, men med instituttnære saksbehandlarar.

Økonomioppgåvene - reindyrking av oppgåver og kompetanse med færre institutt, Controller-gruppe som ein fellesresurs på fakultetet.

Kommunikasjon – skal styrkast.

Leiarstøtte, areal, utgreiing og stab bør bli meir robust i framtida.

Synnøve Myhre skildrar arbeidet med AG2-rapporten som ein lærerik prosess:

-Vi har verkeleg trengt tida fram til leverinng. Vi byrja med å kartlegge dagens struktur av dei administrative tenestene ved MOF. Vidare har vi reindyrka nokre modellar, for så å falle ned på tilrådd modell. I april fekk vi nytt mandat, og skulle då kartlegge tekniske resurssar og føreslå prosess. Det var veldig nyttig å få teknikarane inn i AG2, dei hadde nye friske auge og bidro svært aktivt. AG2 har vært eit teamarbeid, og dugnadsånda har vore stor. Alle har bidrege med engasjement, innspel og skriftleggjering av modellar og endelege forslag. Vi har hatt stort fokus på kva roller og funksjonar som underbyggjer og bidreg til god undervising og god forsking.

Etter at AG2-rapporten var presentert, kom fakultetsdirektør Nina Mevold også fram, for å svare på spørsmål frå salen. –Eg er veldig glad og letta etter å ha sett rapporten, sa Mevold. –Dette er eit godt og klokt utgangspunkt for prosessen vidare.

Spørsmåla frå tilhøyrarane var mange og varierte.

-Vil det no gå fortare å tilsette folk, ville ein vite. –Ja, det må vi vel kunne garantere, svarte Nina Mevold med eit smil.

-Kva med teknikarane, kva skjer no, spurte ein annan. –Teknikarane skal følgje fagmiljøa dei allereie er ein del av, var svaret.

På slutten kom dekan Nina Langeland med ei oppfordring til å gje tilbakemelding. –For å seie noko avslutningsvis, vi vil gjere ting meir logisk, det er målet. Ikkje å få fleire byråkratar, sa ho.

-Vi må bruke sunn fornuft – alle vegar. I dag er det for mange som har mange roller, ting tek for lang tid. Vi må unngå dobbel saksbehandling. Og eg vil gjerne ha innspel framover. Eg har open dør, for å seie det slik.

Saka skal opp i fakultetsstyret ved MOF 17. oktober.