Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhende frå Den Norske Tannlegeforenings Tidende

Utdannar betre tannlegar no

Etter snart to år i nytt odontologibygg er tilbakemeldingane framifrå.

Tannlegestudent øver seg på eit fantomhovud i ferdigheitssenteret
I det nye odontologibygget ligg tilhøva tilrette for kvalitet i utdanninga.
Foto/ill.:
Emil Breistein

Hovedinnhold

- Institutt for klinisk odontologi i Bergen utdannar betre tannlegar no, samanlikna med kva me kunne gjera i det gamle bygget for to år sidan. 

Det sier konstituert klinikksjef Harald Nesse til Den Norske Tannlegeforenings tidende.

Nesse trekk særskilt fram dei ypparlege moglegheitene tannlegestudentane ved UiB har til å få trena ferdigheitene sine i det topp moderne ferdighetssenteret, og ser allereie gode resultat i den vidare behandlinga av pasientar på Universitetsklinikken ved Det medisinsk-odontologiske fakultet.

Den avanserte teknologien i bygget opnar for meir varierte undervisingsformer og eit større innslag av individuelt tilpassa undervising, i følgje Nesse, som er imponert over dei motiverte tannlegestudentane han underviser.

Du kan lese heile artikkelen om den positive effekten det nye odontologibygget har på tannlegeutdanninga ved UiB i Den Norske Tannlegeforenings tidende.