Hjem
Det medisinske fakultet
Kurs/kommunikasjon

Formidlingsglade forskarar i elden

Kvifor formidle forskinga di? Kva mekanismar finn ein i media? Dette er berre nokre av tema som ni yngre forskarar har fått innsikt i på formidlingskurs i regi av fakultetet.

Nærbilete av tv-kamera, kursdelktakarar i bakgrunn
Som ein del av den praktiske treninga blei kursdeltakarane filma medan dei blei intervjua. Testintervjua blei deretter synt fram og evaluert.
Foto/ill.:
Randi Holmås, UiB

Hovedinnhold

Den unge forskaren ryggar nærare og nærare veggen, pulsen stig medan journalisten, væpna med ein mikrofon, i større og større grad invaderer intimsona hennar. I bakgrunnen surrar kameraet. Avbrytingar, leiande spørsmål, tabloid vinkling - intervjuaren gjer det han kan for å vippe forskaren av pinnen. Ho pustar djupt, tenkjer på kva dei trente på i går, og så svarar ho roleg og kortfatta på spørsmåla.

 

Så er det heile over - og dei andre deltakarane på kurset gjev full applaus. Dei har fått praktisk trening i å gjennomføra gode intervju, kjennskap til korleis ein kan få fram eigne poeng, og innsikt i kva rettar dei har som intervjuobjekt, i tillegg til konkrete tips om stemmebruk, kvar ein festar blikket eller uheldig bruk av "stammespråk".

 

Det medisinsk-odontologiske fakultet sparka nyleg i gang sitt første tredagars kurs i formidling og kommunikasjon for yngre forskarar ved fakultetet, finansiert av Giertsen og Arnesens legat v/styreformann Jan Einar Greve. I samarbeid med Tom Berntzen og Petter Halvorsen frå Corporate Communications, gjennomførte kommunikasjonsrådgjevar Marion Solheim to intensive kursdagar, der målet var å gjere forskarane betre rusta til å handtere media, syne kva gevinstar som ligg i deltaking i det offentlege ordskiftet og lære korleis ein sjølv kan bli eit ettertrakta intervjuobjekt.

Utviklinga til forskarane er merkbar frå det første til det andre testintervjuet. Når kvar enkelt får tilbakemelding i etterkant av det andre testintervjuet, er gjennomgangstonen svært positiv og understrekar kor trygge og profesjonelle dei framstår i tv-ruta, trass i den pågåande journalisten. Sjølv blir forskarane trygga av å sjå at det som verka stressande og intenst under intervjuet, ser roleg og tilforlateleg ut på tv-skjermen.

 

Framleis gjenstår siste del av kurset. Då skal forskarane vitje fleire medieinstitusjonar, der dei mellom anna skal freiste å "selje inn" saka si, akkurat slik dei har trent på under den praktiske delen av kurset. Dette er også ein del av målsettinga med kurset; at kvar forskar skal formidle sitt eige prosjekt i media i løpet av det neste halve året.