Hjem
Det medisinske fakultet
Semesterstart 2016

Fakultetet ønska nye studentar velkommen!

Dekan Nina Langeland, fadderstyret og resten av Det medisinsk-odontologiske fakultet helsa dei nye studentane velkommen til fakultetet.

Plica Vocalis og Laudes
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær

Hovedinnhold

Dei nye studentane fekk ein travel og innhaldsrik start på det nye semesteret ved fakultetet.

Dekan Nina Langeland ønska dei nye studentene velkommen til Det medisinsk-odontologiske fakultet. Ho oppmoda alle til å helse på sidemannen sin før dei gjekk ut frå opningsseremonien, då det er viktig for trivsel og miljø å få gode sosiale forbindingar til dei framtidige kollegaene sine allereie frå dag ein.

Vidare påpeikte ho at dei alle hadde valt krevjande studier, men at dei også er særs givande og varierte. Noko er konstant, som basalfaga som alltid ligg til grunn, men mykje av studiane er også i endring. Som innføringa av den nye studieplanen Medisin 2015 som nye medisinstudenter følger, og som også odontologistudentane er ein del av, er eit eksempel på.

Vakker song

Studentkora Plica Vocalis og Laudes opna det nye studieåret med vakker song, både saman og kvar for seg, og vi fekk både gammal norsk kulturarv samt ein nydelig versjon av popsongen Royals.

Fadderstyret ved fakultetet presenterte seg og har arbeida heile våren med å planlegge eit program spekka med arrangement og opplevingar for dei nye studentane våre.
Gjekk du glipp av kva dei har planlagt, finn du heile programmet her.

Oppmoda studentane til å engasjere seg i studentaktivitet

Anna Olvedie Ellevset, leiar for Medisinsk-odontologisk studentutval, snakka i si helsing om studentdemokratiet ved fakultetet. MOSU er studentane sitt høgaste organ ved fakultetet, og som medlem i ulike fagutval kan du vere med på å påverke studiekvardagen din.

Fakultetet har også ei rekke studentorganisasjonar for dei som ønskjer å engasjere seg i andre studentsosiale aktivitetar.

Fagleg smakebit frå dag ein

Odontologi og medisinstudentane er også ein del av eit introduksjonskurs som foregår dei to første vekene. Dei fekk allereie i dag sin første innføringsforelesing om bakterier, virus og celler.

Ulike fakultetstilsette og fadrar står i introkurset saman om å gi dei nye studentane ein best mogleg start på studentlivet. Kurset består av mellom anna faglege smakebitar, tips om studieteknikk, gruppediskusjonar om profesjonalitet og etiske dilemma, og annan studentaktivitet som går parallelt med det øvrige fadderprogrammet.

Vi ønskjer dei nye studentane våre velkommen til oss, og lykke til vidare med opninga av det nye semesteret!