UTSATT TIL VÅREN: Kurs i digital formidling for ph.d.-kandidatar
Skriv du doktorgradsavhandling med mellomalderen som tema? Lær å formidle forskinga di digitalt, på ein kortfatta og engasjerande måte på eit to-dagars kurs i regi av mellomalderklynga.
Hovedinnhold
Velkomen til eit to dagars kurs i digital formidling!
Første dagen vil du få ei grunnleggande innføring i videoproduksjon. Du får også hjelp til manusarbeid og spissing av bodskap, og dessutan gode råd om korleis du kan bruke stemma di og andre språklege virkemidlar.
Etter første kursdag har du litt over ei veke på deg til å lage ein videosnutt der du fortel om eiga forsking. Vurdering og tilbakemeldingar vil bli gitt på kursets andre dag. Då får du også råd og tips om korleis du kan drive fagleg formidling i sosiale media.
Lunsj er inkludert begge dagar.
Dag 1 (15. november kl. 9–15)
Kl. 09–11 | Videoteknisk
|
Kl. 11–12 | Workshop |
Kl. 12–13 | Lunsj |
Kl. 13–14 | Workshop |
Kl. 14–15 | Presentasjonsteknikk |
Dag 2 (25. november kl. 9–15)
Kl. 09–10 | Formidling i sosiale media
|
Kl. 10–12 | Gjennomgang av videosnuttane |
Kl. 12–13 | Lunsj |
Kl. 13–15 | Gjennomgang av videosnuttane |
Etter kurset
Dei ferdige filmane vert lagt ut på facebooksida og nettsidene til mellomalderklynga – for dei som ønskjer det.