Hjem
Miljøtoksikologi

Masterstudiet

Miljøgifter påverkar dyr, fisk og menneske. Bli med og finn ut korleis dei verkar og kva som skjer.

Hovedinnhold

Masterstudentar er viktige for forsking innan miljøtoksikologi.

Masterstudentar er knytta til alle prosjekta i miljøtoksikologi. Studentane samarbeidar med ein stipendiat, post. doc eller forskar i laboratoriet og får ein avgrensa del av prosjektet som vert deira eige. I løpet av det to år lange masterprogrammet blir det utført eit års arbeid på laboratoriet medan resten er teoretiske og praktiske fag.

Ei oppgåve innan miljøtoksikologi gjev ei rekke mogleikar på arbeidsmarknaden. Tidlegare studentar er i dag tilsett mellom anna hos  Universitetet i BergenFylkesmannen i Hordaland, MiljødirektoratetHavforskingsinstituttetIRIS og Statoil.

 

Her kan du lesa samandraget til tidlegare masteroppgåver, kva noverande studentar held på med og kva oppgåver som er tilgjengeleg.

 

Velkomen som masterstudent i Miljøtoksikologi

Masteroppgåva er det store, sjølvstendige forskingsprosjektet som avsluttar mastergrada. Masteroppgåva krev jamnt, hardt arbeid frå du startar i laboratoriet til du leverer inn pdf-fila. Oppgåva er sjølvstendig. Det tyder at du får rettleiing når det trengst men ingen vil fortelja kva du skal gjera og kortid du skal gjera det. Rettleiar og medrettleiar sitt ansvar er å hjelpa deg å finna vegen vidare. Du må sjølv planleggja forsøk og tidsbruk. Du bør koma i gong med arbeidet tidleg og jobba systematisk heile tida for at du ikkje skal gå på ein smell i innspurten.

 

Ei masteroppgåve i Miljøtoksikologi krev mykje av studenten. Laboratoriearbeid tek tid og det er difor viktig å nytta tida godt. Forskingsgruppa har laga eit skriv med tips til lesing og skriving og kva du som student kan forventa deg. Og kva rettleiarar og medrettleiarar forventar av deg. Du finn skrivet her.

 

Universitets- og høgskulerådet har utarbeida nasjonale retningslinjer for karaktersetjing av masteroppgåva innan matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-fag). Du kan lesa meir om karaktersetjing på realfaglege masteroppgåver hos Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet. Krava som vert sett til studentane for dei ulike karakterane finn du her.