Hjem
Wen Ges bilde

Wen Ge

Ph.d.-kandidat, ansatt ved Høgskulen i Volda
  • E-postwen.ge@uib.no
  • Besøksadresse
    Harald Hårfagres gate 1
    5007 Bergen
  • Postadresse
    Postboks 7805
    5020 Bergen

Jeg tar en doktorgrad i nordisk språkvitenskap (2022-2026) ved Universitetet i Bergen med stipend fra Høgskulen i Volda. Jeg driver mest med norsk stedsnavngransking, men er interessert i norsk språkhistorie og talemål òg. Ellers tar jeg sikte på å bidra til internasjonalt forskningssamarbeid mellom Norge og andre land, f.eks. innen stedsnavngransking. 

 

 

Vitenskapelig artikkel
  • Vis forfatter(e) (2019). The realisation of traditional local dialectal features in the address names of two Western Norwegian municipalities . Onoma.
Vitenskapelig foredrag
  • Vis forfatter(e) (2023). Litt om normeringsarbeid med ​«ord og uttrykk frå Røldalsdialekten» - eit opplæringsperspektiv.
  • Vis forfatter(e) (2023). Et blikk på Oluf Ryghs eget eksemplar av 1838-matrikkelen med fokus på uttaleopplysninger om gårdsnavn i Ullensvang.
Mastergradsoppgave
  • Vis forfatter(e) (2021). Kasusformer av adjektiviske førsteledd i sammensatte stedsnavn fra Ullensvang.
Populærvitenskapelig artikkel
  • Vis forfatter(e) (2023). Litt om én metodisk utfordring ved bruken av uttaleopplysninger i Norske Gaardnavne. New trends in Nordic Socio-onomastics.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

Jeg er medredaktør for Nytt om namn nr. 73/74, med rapport frå fagdagen om stadnamn i Språkrådet 27. oktober 2022 (2022/2023).

I tillegg til redaksjonsarbeidet bidrar jeg til meldingsbladet med innlegg:

- Onomastics Online, ICOS-kongress i 2024 og ICOS-sumarskule i 2023 (internasjonalt nytt, s.56-58, i nr. 73/74)

- Språksamlingane som temanummer i Maal og Minne (omtale, s.85-86, i nr. 73/74)

Ph.d.-prosjekt (sist oppdatert: nov 2023)

Arbeidstittel 

Lokal nedarva uttale av stadnamn: Overlevering, utjamning og vegen vidare i Noreg og Danmark

Rettleiarar 

Hovudreittleiar: Peder Gammeltoft (UiB)

Medrettleiar: Randi Neteland (HVO), Stig Jarle Helset (HVO), Ivar Utne (UiB)

 

Delprosjekt 1

Noreg vert stundom framstilt som eit dialektparadis pga. dialektmangfald og dialekttoleranse (Røyneland 2009). Dette gjeld norske stadnamn og stadnamnnormering òg, m.a. ved at ei rekke målføretrekk, som ikkje er tillatne i gjeldande rettskriving, kan brukast i stadnamnnormering (Språkrådet 2018). På den andre sida har det dei siste åra vore vist til at lokal nedarva uttale av stadnamn er på tilbakegang i landet (jf. Helleland 2015: 79, Søyland 2016: 40, 43).

Delprosjekt 1 har to mål:

a) Hovudmål: å undersøkja eventuell endring av uttale av stadnamn i høve til lokal nedarva uttale

b) Sidemål: å gjera greie for ymse årsaker for eventuell endring.

Delprosjekt 1 har eit samanliknande perspektiv: Områda som eg skal granska stadnamn frå, er eitt område i Noreg (det førre Ullensvang-heradet, slik heradgrensa var mellom 1977 og 2020) og eitt område i Sør-Jylland, Danmark (ubestemt enno). Hovudsakleg vil eg undersøkja eventuell endring av uttale av stadnamn gjennom apparent-time-metoden. Endring av målføre, normeringspraksis og aukande mengde innflyttarar med liten eller ingen kjennskap til lokal nedarva uttale av stadnamn skal granskast som faktorar i eventuell endring av uttale av stadnamn. Funna vil få mykje å seia for stadnamnnormering i Noreg og Danmark.

 

Delprosjekt 2 (under utvikling)

Delprosjekt 2 er ei gransking av variasjon i uttalen av gardsnamn i det førre Ullensvang-heradet (slik heradgrensa var mellom 1977 og 2020, nemnt som Ullensvang heretter). Granskingsmaterialet er hovudsakleg Oluf Rygh sitt eige eksemplar av 1838-matrikkelen, som er eit av dei viktigaste grunnlagsmateriala for Norske Gaardnavne.

Norske Gaardnavne (avstytta som NG heretter) er hovudverket om dei norske matrikkelgardane som var utarbeida etter manuskriptet til Oluf Rygh og utgjeve mellom 1897 og 1924. I NG kan ein finna ymse opplysingar om gardsnamn, t.d. etymologi, tidlegare skriftformer og uttaleformer dokumentert på slutten av 1800-talet.

Oluf Rygh sitt eige eksemplar av 1838-matrikkelen (nemnt som 1838-matrikkelen etter Rygh heretter) er ein dokumentasjon på Oluf Rygh et al. sitt feltarbeid med gardsnamn over heile landet. Feltarbeidet var motivert av ein revisjon av 1838-matrikkelen og var hovudsakleg utført mellom slutten av 1870-talet og 1886 av Sophus Bugge og Oluf Rygh (Rygh 1898: VII, X). I Rygh sitt eige eksemplar er det sett inn blanke blad mellom dei trykte blada i den trykte 1838-matrikkelen. På dei ekstra blada er det notert m.a. uttaleformer av gardsnamn og opplysingar om uttaleinnsamling, t.d. når dei einskilde innsamlingoppgåvene var utført, kor mange informantar det var (gjennom notering av informanternummer) og kvar informantar kom frå, jfr. Indrebø 1929: 144. 1838-matrikkelen etter Rygh blei seinere eit av dei viktigaste grunnlagsmaterial for NG. 

Ei samanlikning i uttaleopplysingar om gardsnamn frå Ullensvang mellom NG og 1838-matrikkelen etter Rygh viser skilnadar. I tillegg til fråvær av dei overnemnde opplysingane om uttaleinnsamlinga i NG, er fleire enn berre éin uttalevariant dokumentert i 1838-matrikkelen etter Rygh. Derimot er det ofte berre éin uttalevariant oppført i NG. Her får ein eit blikk på skilnadane mellom NG og 1838-matrikkelen etter Rygh.

Med gardsnamn frå Ullensvang som granskingsobjekt, har delprosjekt 2 fyrst og fremst to mål 

a) Å skildra variasjon i uttalane av gardsnamn i Ullensvang vist i 1838-matrikkelen etter Rygh

b) Å drøfta bruken av dei ulike uttalevariantane vist i 1838-matrikkelen etter Rygh på slutten av 1800-talet, t.d. i kva grad dei ulike uttalevariantane var brukt i Ullensvang, særs den eine uttalevarianten i NG 

Delprosjekt 2 er framleis under utvikling. Dimed kan litt fleire mindre forskingsmål vurderast, men alt etter interesse, tid, ressurser osv. Det skal ikkje undersøkjast for mange ting. Moglege nye forskingsmål kan vera: 

c) Å undersøkja korleis uttalevariasjon i slutten av 1800-talet som 1838-matrikkelen etter Rygh dokumenterer, kan henga saman med eventuell nåtidig uttalevariasjon som delprosjekt 1 viser. 

d) Å gjera greie for kvifor skilnadane i dokumenteringa av uttaleopplysingane mellom NG og 1838-matrikkelen etter Rygh vart til, t.d. mangel av uttalevariasjon i NG. 

 

Litteraturliste 

Helleland, Botolv. (2015). Gamle usamansette gardsnamn. Hardanger, 2015, 75-94.

Indrebø, Gustav. (1929). Namnekomissjonen fraa 1878 og samlingane etter Oluf Rygh. Maal og Minne. 129-149.

Rygh, Oluf. (1898). Norske Gaardnavne : Oplysninger samlede til brug ved Matrikelens Revision : Forord og indledning. Kristiania: W. C. Fabritius & Sønners bogtrykkeri.

Røyneland, Unn. (2009). Dialects in Norway: Catching up with the rest of Europe? International Journal of the Sociology of Language, 196–197, 7–30. https://doi.org/10.1515/IJSL.2009.015

Språkrådet. (2018). Utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn. https://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/utfyllande-reglar-om-skr...

Søyland, Aud. (2016). Kvifor målføreformer i vegnamn? Nytt om namn, 63-64, 40–44.

 

Arbeidserfaring

I rammen av pliktarbeidet mitt i ph.d.-løpet (2022-2026) har jeg oppgaver for både Høgskulen i Volda og UiB, f.eks. for Norsk Ordbok a-h og Språksamlingane. Hittil fullført oppgaver:

- digitalt ryddearbeid for Norsk stadnamnarkiv, UiB

- arrangementarbeid for den 17. konferansen om leksikografi i Norden, UiB

 

Vitenskapelig assistent for prosjektet Norsk Ordbok a-h ved Universitetet i Bergen (2021 - 2022, deltidsjobb i ett år)

Vitenskapelig assistent for prosjektet Nafnið.is ved Árni Magnússon Institute for Icelandic Studies, Island (seks ukers fulltidsjobb i 2020)

 

Utdanning

Ph.d. i nordisk språkvitenskap, Universitetet i Bergen (aug 2022 -          )

Viking and Medieval Norse Studies, University of Iceland & Universitetet i Oslo (MPhil/MA, 2019 - 2021) 

Scandinavian Studies and Linguistics, University of Edinburgh (MA Hons, 2015 - 2019, med ei ettårig Erasmus-utveksling ved Universitetet i Oslo mellom 2017 og 2018)

 

Organisasjon

Jeg er medlem i International Council of Onomastic Sciences (ICOS, inkludert ICOS Young Scholar Network), Nordiska samarbetskommittén för namnforskning (NORNA), New Trends in Nordic Socio-onomastics og Norsk namnelag.

Jeg er nytt redaksjonsmedlem i Nytt om namn, som er et meldingsblad for norsk navnegransking. I tillegg til redaksjonsarbeidet bidrar jeg til meldingsbladet med innlegg.

Jeg er med i forskergruppa i sosiolingvistikk og språkendring, UiB.