Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Call for papers

Send inn forslag til bidrag før 1. juni!

Polyfon-konferansen 2024 vert arrangert 7. november, i Høgskulen på Vestlandet sine lokale i Bergen. Konferansen samlar brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar frå ulike fag og miljø. Send inn ditt forslag til konferansebidrag innan 1. juni!

Konferansebanner Polyfon-konferansen 2024
Polyfon-konferansen 2024 fokuserer på eitt av dei viktigaste spørsmåla i fagfeltet: Kvifor musikk?
Foto/ill.:
UiB / Polyfon

Hovedinnhold

Konferansens tema

Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på musikk og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.

Kvifor musikk? Dette spørsmålet kan undersøkjast både med tanke på kvardag og klinikk, og med mange ulike perspektiv. Kvifor held vi menneske eigentleg på med musikk? Kvifor musikk akkurat her, no? Kvifor arbeide for prioritering av musikk i ei tid der det er stramme budsjett og mange uløyste behov i samfunnet? Kvifor har bruk av musikk dei effektane som er dokumenterte? Og ...

Kva slags presentasjonar ønskjer vi?

Vi søkjer her forslag til konferansebidrag, både til parallellsesjonane og posterutstillinga. Vi er interesserte både i forskingsbaserte, teoretiske og erfaringsbaserte bidrag, og ønskjer at konferansen skal skape dialog mellom brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.

Konferansetemaet rammar inn konferansen, særleg plenumsdelen av denne, men det er rom for breidde i parallellsesjonane og posterutstillinga. Kanskje har du noko spennande og viktig å formidle utan at det er ei sterk kopling til konferansetemaet. Vi tilrår likevel at du gjer aktuelle relasjonar til konferansetemaet så tydeleg som mogeleg. Programkomiteen vil vurdere innkomne forslag ut ifrå kvalitet og relevans.

Fristar og rammer

Frist for innsending av forslag til konferansebidrag er 1. juni kl. 13.00. Bruk lenka i Faktaboksen.

For utforming av forslaget, sjå retningslinjer for samandrag.

Bidragsytarar får gratis konferanse, inkludert lunsj, uavhengig av om dei er knytte til ein av klyngedeltakarane eller ikkje. Du må sjølv dekkje reise og opphald.

Merk at konferansen 7. november er del av ein "Polyfon-festival" med fag og musikk over tre dagar, sjå her

Har du noko du gjerne vil formidle, men liten erfaring med å presentere? Polyfon ønskjer å løfte fram ulike perspektiv og å gje plass til nye stemmer i den fleirstemte samtalen om musikkterapi / musikk og helse. Vi vil difor gje tilbod om eit kræsjkurs i formidling til alle som får godkjend eit forslag til 2024-konferansen. For meir info, sjå her.

Plenumsprogrammet

Ein breitt samansett programkomité arbeider med eit rikhaldig plenumsprogram, med fire deltema:

  • Musikk som kvardagsressurs
  • Musikkterapi i behandling og oppfølging
  • Brukarmedverknad og erfaringskompetanse i forsking
  • Tverrfagleg samarbeid om helserelatert musikkpraksis

Plenumsprogrammet vert annonsert om ikkje lenge. 

Konferansespråk

Av omsynet til breidda i bakgrunnen til dei som vil delta i konferansen, legg vi opp til at det som skjer i plenum er på norsk, medan vi gjerne tar inn engelskspråklege bidrag til parallellsesjonar og posterutstillinga.