Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
strategiprosessen 2023

Polyfons strategigruppe

Styringsgruppa for Polyfon har vedtatt at kunnskapsklynga skal gjennom­føre ein strategiprosess i 2023. Strategien skal gjelde frå januar 2024.

strategiarbeid ved tavle
For Polyfons strategiprosess i 2023 er det nedsett ei eiga strategigruppe.
Foto/ill.:
Kaleidico, Unsplash

Hovedinnhold

Polyfons strategigruppe 2023

Her følgjer informasjon om strategigruppa som er nedsett.
Sjå også sida om strategiprosessen, der vi legg ut informasjon om korleis DU kan kome med innspel til strategien.

Strategigruppas samansetjing

Følgjande strategigruppe er oppnemnd, med ein representant frå kvar klyngedeltakar og to representantar frå klyngas erfaringspanel:

  • UiB (Griegakademiet/KMD): Randi Rolvsjord, instituttleiar Griegakademiet – Institutt for musikk
  • Bergen kommune: Rune Tjøsvold, seniorrådgjevar Byrådsavdeling for barnevern og sosiale tenester
  • Betanien Sjukehus: Thomas Høiseth, leiar Allmennpsykiatrisk poliklinikk
  • Helse Bergen: Kjersti Agnete Erdal, klinikkdirektør Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Helse Fonna: Georg Reinhardt, avdelingsleiar og psykiater ved BUP Haugesund
  • Høgskulen på Vestlandet: Unni Margrethe Uren Aasen, prodekan utdanning, Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus: Kristine Gustavssen Madsø, psykologspesialist og forskar
  • NORCE: Tonje Fyhn, forskingsleiar Arbeidsliv og inkludering, NORCE Helse og Samfunn
  • Norges musikkhøgskole: Hans Petter Paulen Solli, førsteamanuensis Fagseksjon musikkpedagogikk og musikkterapi
  • Partssamarbeid Vestland: Siri Ingvaldsen, seksjonssjef kulturformidling, Avdeling for kultur, idrett og inkludering
  • Polyfons erfaringspanel: Anita Lid, elev Avdeling Kyrre, Bergen Katedralskole
  • Polyfons erfaringspanel: Silje Rasmussen Sandnes, deltakar Stedet Sagene i Oslo

Strategigruppa avspeglar breidda i kunnskapsklynga, både når det gjeld geografi, fagområde og organisasjons­type. Vidare er både erfarings­kompe­tanse, fagkompetanse og leiar­kompetanse representert. Ved behov, vil  det vere mogeleg å dele strategi­gruppa inn i undergrupper for arbeid med spesifikke delproblemstillingar.

Strategigruppas mandat

Styringsgruppa har fått følgjande mandat:

Strategigruppa skal i løpet av 2023 utarbeide utkast til det strategidokumentet som skal gjelde for Polyfon frå og med 2024. Strategigruppa skal basere seg på eksisterande dokumentasjon om kunnskaps­klyngas arbeid, aktuell informasjon om samfunnsutfordringar, sentrale styrande dokument og dei innspela som kjem i løpet av strategiprosessen. I arbeidet med eit forslag til strategi, skal gruppa vurdere:
1) Polyfons verdiar, visjon og målsetjingar, i lys av samfunnsutfordringar, sentrale styrande dokument og det fleirstemte samarbeidet som er bygd opp.
2) Polyfons faglege innhald, breidde og fokus.
3) Arbeids- og samarbeidsformer.
4) Rammer og organisering.

Eksempel på tematikkar som det er aktuelt at gruppa ser på:

  • Tiltak som kan styrke samspelet mellom ulike former for kunnskap og kompetanse, inkludert det tverrfaglege feltet musikkterapien er ein del av
  • Prioriteringar og tiltak som kan styrke Polyfons vidare arbeid med å byggje kapasitet og kvalitet når det gjeld tenesteutvikling, forsking, utdanning og formidling
  • Tiltak som kan styrke implementering og fagutvikling i heile landet, der ein også tar omsyn til behovet for fagfellesskap i regionar med små fagmiljø
  • Vurdering av eventuelle «nye» arbeidsfelt i klyngesamarbeidet, t.d. folkehelsearbeid, arbeid med flyktningar og/eller musikkterapi for personar med nevrologiske sjukdommar / kroniske lidingar
  • Fordelar og ulemper med å avgrense Polyfons arbeid til musikkterapifeltet vs. fordelar og ulemper med ei breiare innramming, som t.d. kultur, helse og samfunn
  • Den faglege og administrative forankringa i dei organisasjonane som deltar i samarbeidet
  • Arbeids-/samarbeidsformer, inkludert mogelegheiter for å byggje kunnskap og utvikling gjennom nye koplingar mellom akademia, tenester, myndigheiter, næringsliv og sivilsamfunn
  • Rammer, struktur for og organisering av samarbeidet.

Arbeidsmåtar og prosess 

Strategigruppa konstituerer seg sjølv, med val av leiar og planlegging av arbeidsprosessen. Klyngas sekretariat tar på seg sekretærfunksjonen.

Parallelt med arbeidet i strategigruppa, vil kunnskapsklynga leggje opp til ein inkluderande prosess der alle interesserte kan medverke og gje innspel til Polyfons framtidige strategi.