Hjem
Forskargruppe for rettstat
Informasjon

Om forskergruppa

Siktemålet til Forskargruppa for rettsstat er å forske på kvaliteten, effektiviteten og legitimiteten til vernet om individets og samfunnets interesser hos dei som bruker og skapar rett i rettsstaten: Forvaltinga, domstolane og lovgjevarane.

Hovedinnhold

I dag finst det lite forsking på kva kriterier ein legg til grunn når ein skal vurdere og definere kvaliteten, effektiviteten og legitimiteten til dei som brukar og skapar rett i rettsstaten. Forskinga på kva som gjer ein stat til ein rettsstat er avgrensa. Kunnskapsgrunnlaget for å forstå korleis sektoravgrensa opprusting og utvikling påverkar den rettslege maktbalansen i rettsstaten er svakt. Det kan dermed verke enklare å fastslå om ein rettsstat finst eller ikkje, framfor å bidra til å skape, omdanne og styre utviklinga av rettsstaten. Dette er problematisk av årsaker som er nært knytt til kvarandre.

Europa: Rettsstaten er under press

For det første har vi dei siste åra vore vitne til systematisk nedbygging av fleire rettsstatar i Europa. Det er ulvetid for den europeiske rettsstaten no. Både i Ungarn og i Polen er rettsstaten under sterkt press. Verdien av konstitusjonelle garantiar for å sikre domstolanes sjølvstende er blitt viktigare å vurdere enn før. Vår eigen grunnlov har få slike garantiar. Om vi skal sikre vår rettsstat for framtida, må det leggjast til rette for ein kunnskapsbasert konstitusjonell debatt her til lands.

EU ny transnasjonal rettsstat

For det andre har EU og Europarådet vakse fram som ein ny, transnasjonal rettsstat. Historisk sett var rettsstaten sine grenser som oftast samanfallande med nasjonalstatsgrensene. I løpet av siste halvdel av 1900-talet skulle dette endre seg. I tida etter andre verdskrig, og særleg i tida etter rivinga av Berlin-muren i 1989, har rettsstatfunksjonar òg vorte utvikla og handheva gjennom Europarådets menneskerettsregime og EUs rettsregime. Også Noreg har blitt ein del av denne veksande felleseuropeiske rettsstaten. Som følgje av dette er norske forvaltings-, domstols-, og lovgjevingsprosessar i endring, både i karakter og innhald. Den nye, transnasjonale rettsstaten både supplerer og overlappar med den nasjonale rettsstaten. I dag vert det forska på ulike delar av denne utviklinga, mellom anna ut frå eit maktfordelingsperspektiv, men i mindre grad ut frå eit omfattande og heilskapleg rettsstatleg perspektiv.

Noreg som rettsstatseksportør

For det tredje er rettsstatens karakter i endring også utanfor Europa. Sjølv om diskusjonane om rettsstaten går føre seg på ein global arena, er argumentasjonen ofte einvegs.  I åra etter 1989 vart Noreg ein rettsstatseksportør. Det vil seie at instansar som politi, domstolar, Justisdepartementet og forvaltingsorgan har sendt ut folk for å drive med rettsstatsopplæring i andre land. Dei har også tatt imot delegasjonar frå andre land som har kome til Noreg for å lære om rettsstaten. Slik har vi fått formidla eigne erfaringar, men dei same erfaringane blir i liten grad brukt som styringsinstrument for vidareutvikling av den norske rettsstaten. Erfaringane blir også i liten grad omdanna til program for utvikling tilpassa andre forhold.

Forskargruppe med eit heilskapleg rettsstatsperspektiv

Eit av dei sentrale siktemåla til Forskargruppa for rettsstat er å bidra med forsking ut frå eit heilskapleg rettsstatsperspektiv. I forskargruppa vil vi arbeide med problemstillingar som går på tvers av dei sektorane som brukar og skapar rett i rettsstaten: forvaltinga, domstolane og lovgjevarane.

Arbeidet til forskargruppa vil verte særleg relevant i eit tid då rettsstatsfunksjonar blir utvikla og handheva både på nasjonalt og transnasjonalt nivå, og viktige rettsstatsprinsipp om domstolanes sjølvstende er truga i Europa.