Hjem
Globale samfunnsutfordringer
Arrangement

Globale fellesgode: Skal heile verda dra nytte av bistand?

Det politiske grunnlaget for bistand er i rørsle. Bør vi kvitte oss med tradisjonell utviklingsbistand og vri bistandsbudsjettet mot globale problem?

Fire bilete med isfjell, vaksine, piggtrådgjerde og vindmøller i solnedgang
Foto/ill.:
Tina Rolf, Mufid Majnun, Daniel Bernard og Karsten Würth

Hovedinnhold

Tradisjonelt har utviklingsbistand hatt fattigdomslette som sitt hovudmål. I tråd med økonomisk vekst i det globale sør legg donorland mindre vekt på å kjempe mot fattigdom, og meir vekt på såkalla internasjonale fellesgode som alle land dreg nytte av. Nokre døme på slike gode er tiltak mot klimaendringar, tryggleikspolitikk, handsaming av flyktningar i eigne land og pandemikontroll.

I Noreg held bistandsbudsjettet framleis norma om å vere ein prosent av brutto nasjonalinntekt. Ein høg del av norsk bistand går likevel ikkje til fattigdomslette, men internasjonale fellesgode. Samstundes vert det tradisjonelle utviklingsomgrepet utfordra av FN sine berekraftsmål, som konseptualiserer utvikling som eit universelt omgrep, snarare enn ein prosess som utelukkande land i det globale sør går gjennom.

Vi tek utgangspunkt i den nye forskingsartikkelen En stille revolusjon av utviklingssamarbeidet? til doktorgradsstipendiat og seniorrådgjevar Nikolai Hegertun (Norad og UiO). Saman med postdoktor Carmeliza Rosario (CMI), forskingsleiar Hilde Selbervik (Development Learning Lab, CMI) skal han diskutere framtida til bistanden. Samtalen vert leia av doktorgradsstipendiat Thor Olav Iversen (Senter for vitskapsteori UiB).

Samtalen finn stad fysisk i lokala til Bergen Global i Jekteviksbakken 31. Du kan også følge samtalen digitalt via Zoom.