Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Høgreekstrem terror

Trusselen fra gutterommet

Mykje av den høgreekstreme valdsfaren kjem frå guterommet, skriv Lars Erik Berntzen og Mikael Johannesson. På laurdag blir det open debatt om trugsmålet frå høgre.

terrorkronikk
«Det digitale gutterommet er blitt en kilde for massemord og høyreekstrem terror», skriv Lars Erik Berntzen og Mikael Poul Johannesson.
Foto/ill.:
Henrik Lied / nrkbeta (cc) via Wikimedia Commons, Lars Erik Berntzen, Mikael Johannesson

Hovedinnhold

 

Kronikk om det høgreekstreme terrortrugsmålet
«I dag kommer mye av den høyreekstreme voldsfaren fra einstøinger som radikaliseres på gutterommet. Såkalte ensomme ulver, massemordere og skoleskytere slik som den 21-årige Trollhättan-morderen Anton Lundin-Pettersson. Angrepet på Trollhättan i Sverige, Breiviks massakre på Utøya og skolemassakrene i USA og Finland er en del av det samme problemet.» 

Det skriv doktorgradsstipendiat Lars Erik Berntzen som for tida gjestar Institutt for samanliknande politikk, og vitskapleg assistent ved instituttet, Mikael Poul Johannesson i Bergens tidende.

Les heile kronikken i Bergens tidende.

 

Open debatt om terrortrugsmålet kommande laurdag
På kommande laurdag, 28. november, samarbeidar Institutt for samanliknande politikk med BT Allmenningen om eit debattmøte med fokus på trugsmålet frå det ekstreme høgre. 

Førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten innleier med ein presentasjon: Kor farleg er høgreekstremisme for Noreg i dag?

Etter føredraget leier debattredaktør Hilde Sandvik frå Bergens tidende ein paneldiskusjon om temaet. Paneldeltakarane er forfattar Øyvind Strømmen, som har skrive tre bøker om høgreekstremisme, Lise Rykkja frå Rokkansenteret, som har forska på samfunnstryggleik, organisering og beredskap, avdelingsdirektør Jon Fitje Hoffmann frå Politiets sikkerhetsteneste, og Petter Eltvik, den nye leiaren for Framstegspartiet i Bergen.

Les meir om arrangementet her.