Hjem
Sosiologisk institutt

Masterstudent: Evelyn Holmøy

Evelyn Myrå Holmøy går sitt siste semester på masterprogrammet i sosiologi, og vil være ferdig med utdanningen sin til våren.

Hovedinnhold

Møtet med lokalsamfunnet der oppe er noko eg kjem til å hugse heile livet

Kvar tok du bachelorgrada di?
Ved UiB og ved National University of Ireland Maynooth.

Kvifor valde du ein mastergrad i sosiologi?
Eg tenkte eigentleg ta mastergrad i International Relations eller statsvitskap. Heldigvis oppdaga eg at eg kunne skrive ei masteroppgåve innan politisk sosiologi, noko eg er svært nøgd med idag.

 

Sosiologi som fagdisiplin gjev tilgong til dei fleste aspekt ved samfunnet og rom for å utforske eit hav av problemstillingar, og kan dermed vere inngangsporten til mange ulike typar arbeid.

Korleis har overgangen frå bachelor til master vore?
Studiekvardagen min på master er heilt annleis enn han var på bacheloren. No har eg fast arbeidstid enten eg sit på lesesalen eller heime, noko eg vil anbefale alle som byrjar på master å etablere. Det er veldig kjekt å ha sin eigen faste plass på ein masterlesesal, både for å ha ein plass å ha bøkene sine og for å ha tilgong til eit faglegsosialt fellesskap av medstudentar.

Kva er den viktigaste kompetansen du utviklar som masterstudent i sosiologi?
Evna til å tenke analytisk omkring samfunnsvitskaplege problemstillingar, vil eg trekkje fram som det viktigaste. I tillegg tilegnar ein seg evne til å jobbe sjølvstendig, prosessere store mengder litteratur og teori og å arbeide med eit eige prosjekt, som masteroppgåva jo er.

Kva skal du skrive/ skrive du masteroppgåva di om? Kvifor valte du dette temaet?
Oppgåva mi handlar om flyktningssituasjonen i Kirkenes i 2015-2016 då 5500 flyktningar kom syklande over grensa frå Russland til grensepunktet på Storskog. Eg skriv om aksjonsgruppa Refugees Welcome to the Arctic og kva som motiverte dei frivillige til å engasjere seg.

Krigshistoria i Kirkenes og erfaringane lokalbefolkningen har med å vere flyktningar sjølve er noko informantane mine fortel at dei har fått inn med morsmelka, og dei trekk i stor grad på ein idé om stadsidentiteten sin som motiverande faktor i arbeidet for flyktningane.

Eg er interessert i internasjonale konfliktar og migrasjon, og ettersom Storskog-hendelsane utspelte seg den hausten eg skulle velge tema for masteroppgåva var det klart at eg måtte skrive om det. Tematikken om kva som motiverar til frivillig arbeid for flyktningar er høgaktuell i lys av den internasjonale flyktningssituasjonen som framleis pågår, og eg ynskjer å finne ut om me kan seie noko om moderne frivillige i ein slik krisesituasjon.

Korleis arbeider du med masteroppgåva di? Kva har du lært i prosessen?
Eg hadde prosjektskissa mi klar ei stund før eg byrja å skrive på sjølve masteroppgåva. Dette er hjelpsamt ettersom ein då kan planlegge intervju og rekruttere informantar god tid i førevegen. I september 2016 drog eg til Kirkenes og møtte monge spanande personar som fortalde utrulege historier, om plassen dei kjem frå og om hendingane det siste året.

Eg er glad for at eg nytta høvet til å reise på eit lite feltopphald for å samle data, ein kan søke om økonomisk støtte via støtteordningar ved UiB. Opphaldet i Kirkenes er noko av det eg kjem til å hugse som det beste med studietida!

Kva er ditt beste minne frå studietida på master så langt?
Datainnsamlinga og samtalane med informantane mine i Kirkenes. Møtet med lokalsamfunnet der oppe er noko eg kjem til å hugse heile livet.

Har du tips til ferske masterstudentar?
Mine tips er å etablere fast arbeidstid, og å identifisere tidleg kva som er ditt interesseområde. Prøv gjerne ut ein idé til masteroppgåve, snakk med nokon som har forska på området, og om det ikkje verkar spanande, kan du bytte idé. Mi erfaring er at det er låg terskel for å snakke med tilsette både ved instituttet og andre stader og professorar og stipendiatar er glade for å hjelpe til med idear til oppgåver. Også anbefaler eg å ikkje nøle med å dra på feltopphald dersom det er relevant for dataen du treng til oppgåva di.

Har du vore på utveksling eller feltopphold? Korleis var det? Kva lærte du?
Eg nytta heile det siste året på bacheloren min til utveksling, og det var i løpet av det opphaldet at eg oppdaga og fekk dyrka mi faglege interesse for politisk sosiologi m.m. Om ein er heldig kan ein lære mykje om både seg sjølv, ein annan kultur og samstundes få stort fagleg utbytte.

Kva tenkjer du å gjere etter masteren?
Eg ynskjer å bli verande på Høyden og på Universitetet, men om det blir innan akademia eller administrasjon gjenstår framleis å sjå.