Hjem
Sosiologisk institutt

Masterstudent: Jorunn Mardal Kårstad

Jorunn begynte på master i sosiologi høsten 2016 og er snart ferdig som student ved sosiologisk institutt. Her kan du lese mer om Jorunn sine erfaringer med masterstudiet og hvordan det er å skrive en masteroppgave.

Hovedinnhold

Gjennom deltakende observasjon og semistrukturert intervju har eg utforska og danna ei forståing om kva det å ha eit arbeid betyr for personar med ei psykisk utviklingshemning.

Kvar tok du bachelorgrada di?University of Winchester i England

Kvifor valde du ein mastergrad i sosiologi?Eg følte meg ikkje ferdig med sosiologifaget etter bachelorgraden. Eg ville utforske fleire delar av faget. I tillegg ville eg fordjupa meg i delar av sosiologien eg spesielt var interessert i.

Korleis har overgangen frå bachelor til master vore?Overgangen frå bachelor gjekk eigentleg ganske fint. Arbeidsmengda er naturligvis ein del meir omfattande på masternivå, men en lærer seg raskt gode strategiar og komme seg inn i gode rutiner. Det var også ei utfordring å gå frå ein bachelor i utlandet, men det tok ikkje lang tid før eg kom meg inn i rutinene ved instituttet. Fast lesesalplass har vore min måte å bli ein del av miljøet på studiet.

Kva er den viktigaste kompetansen du utviklar som masterstudent i sosiologi?Eg lærer meg å planlegge, og ikkje minst gjennomføre eit prosjekt frå start til slutt. Dette har vore å strukturere eigen kvardag, sette seg frister og følgje planen. Ikkje minst innebærer dette å lære seg korleis eit forskingsprosjekt gjennomførast.

Korleis har di faglige vekst vore? ( Kva har du lært på sosiologi?)På sosiologi på masternivået har eg hatt ei bratt læringskurve. Eg har lært, på eit nytt nivå, om ulike teoretiske tilnærmingar. Men, der eg har lært mest er om metodologiske tilnærmingar, både innanfor kvalitativ og kvantitativ forsking. Gjennom eit kvalitativ metode lærte eg korleis eit kvalitativt forskingsprosjekt kan gå føre seg, gjennom blant anna eit gruppe prosjekt. Dette forberedte meg på mi eiga masteroppgåve. I tillegg har eg lært mykje om kvantitativ metode og danna ei forståing av kvantitativ forsking og analyse.

Kva skal du skrive/ skrive du masteroppgåva di om? Kvifor valte du dette temaet?Masteroppgåva mi handlar om personar med psykisk utviklingshemning i arbeid. Gjennom deltakende observasjon og semistrukturert intervju har eg utforska og danna ei forståing om kva det å ha eit arbeid betyr for personar med ei psykisk utviklingshemning. Dette er av samfunnsrelevans, då det er lange ventelister på arbeidsplassar som er tilpassa psykisk utviklingshemma, samt veldig få og lite tilrettelagt for å tilsette denne gruppa menneske i det ordinære arbeidsliv. Eg håpar at min studie skal vere med på å understreke kor mykje arbeid har å sei, og at ein difor må jobbe for å legge meir tilrette for dette i det norske samfunn.

Korleis arbeider du med masteroppgåva di? Kva har du lært i prosessen?Feltarbeidet mitt var spesielt spennande. Eg var inn i tre forskjellige bedrifter som tilsetter psykisk utviklingshemma personar, og gjennom tilsaman 10 dagar fekk eg vere ein del av arbeidskvardagen deira. På denne måten møtte eg ulike personligheter og blei kjent med nokre fantastiske mennesker. Dette er ein opplevelse eg vil huske for resten av livet. Når eg møter igjen desse menneska på gata kjenner dei meg framleis igjen og slår av ein prat. Gjennom intervjua fekk eg lære dei ulike menneska å kjenne enda betre. Eg vil absolutt anbefale nye masterstudenter å gjennomføre eit feltopphnld med observasjoner. Dette er erfaringar som gir mykje glede, og ikkje minst vil dette gi rike data til ei masteroppgåve.Gjennom masterprosjektet mitt har eg lært korleis personar med psykisk utviklingshemninger har det på jobb, eg har lært kva arbeid har å bety for dei, og eg har ikkje minst lært korleis det er å vere ein forskar, og kva krav dette stiller til deg som person og student. Eg har også lært ein del om meg sjølv gjennom prosessen, om korleis eg jobbar når ein ikkje har ein 8-4 timeplan.Noko av det viktigaste eg har erfart er kor viktig det er med eit godt miljø på studie. Dei to siste åra har fleire av masterstudentane i klassa mi vore saman lange dagar på lesesalen. På denne måten har vi støtta kvarandre, hjelpt kvarandre med både faglige og andre problem. Sist men ikkje minst har eg fått vener eg vil ta med meg vidare i livet.

Kva er ditt beste minne frå studietida på master så langt?Mitt beste minne frå studietida på master er feltarbeidet mitt. I tillegg vil eg også trekke fram dagane vi studentane har saman på lesesalen, som har skapt mange gode minner gjennom desse to åra.

Kvifor bør nye søkarar velje master i sosiologi?Master i sosiologi er eit spennande studie. Du lærer mykje meir om sosiologi generelt, men du vil også gjennomgå ei personleg reise og utvikling. Eg kan absolutt anbefale å ta master i sosiologi, du vil sitte igjen med enormt mykje kunnskap, minner og ikkje minst erfaring som vil komme til nytte seinare i livet.

Har du tips til ferske masterstudentar?Eg vil anbefale å jobbe gjemt og trutt gjennom begge åra. Danne deg ein kvardag, vere på lesesalen saman med medelever og ikkje minst passe på å ta seg fri inn i mellom. Det å sjå på masteren som ein jobb har hjelpe meg desse to åra. Eg har jobba jamnt og trutt i vekene, jobba på lesesalen, og tatt meg fri når eg er heime. Dette har funka for meg, og vil kanskje fungere for andre også.Eg vil også anbefale å velje eit tema for masteroppgåva di som du er interessert i. Du vil bruke utallige timar lese, skrive og tenke på dette tema, og då er det ein fordel at dette er noko du brenn for. Om du ikkje veit kva du brenn for, så anbefaler eg å snakke med professorane på instituttet, dei hjelper deg med å finne fram til eit tema og ei prosjekt du vil interessere deg for.

Har du vore på utveksling eller feltopphold? Korleis var det? Kva lærte du?Har ikkje vore på utveksling. Men kan absolutt anbefale å studere, eller ta deler av utdanninga i utlandet. Då lærer ein mykje om seg sjølv, om nye kulturar og ikkje minst så lærer ein å skrive akademisk på eit anna språk. Mine tre år i England har lært eg å skrive gode tekstar på akademisk engelsk, snakke flytande engelsk, og ikkje minst lære sosiologi frå eit anna perspektiv enn det norske.

Kva tenkjer du å gjere etter masteren?Etter masteren skal eg søke jobbar. Eg har allereie begynt å sjå på ulike jobbar innanfor temaet eg skreiv masteroppgåve om, men også andre tema som samfunnsplanlegging og samfunnsanalyse. I tillegg ønsker eg også å studere meir, lære meg andre fagfelt, og ikkje minst ta ei Praktisk Pedagogisk Utdanning slik at eg kan jobbe som lektor i Sosiologi til slutt. Dette er eit mål eg har hatt sidan eg begynte på sosiologi, men gjennom studie har eg også fått eit behov for å også prøve andre jobbar også.