Hjem
Studentsider
Gi tilbakemelding

Svar på studiebarometeret

Har du fått e-post om å delta på undersøkinga som heiter Studiebarometeret? Då vil vi gjerne at du deltek. Alle som svarar er med i trekning av gåvekort.

Ingeniørutdanning er noe du kan ta ved UiB. Her et illustratsjonsbilde av studenter som arbeider og diskuterer fag.
Studiebarometeret: I oktober og november kan du sei kva du meiner om studieprogrammet ditt.
Foto/ill.:
Emil Breistein

Hovedinnhold

Studiebarometeret er den største undersøkinga i Norge der ein ser på kor nøgde studentane er med studieprogrammet dei går på. Det er Kunnskapsdepartementet og NOKUT som er ansvarlege for undersøkinga.

Undersøkinga blir sendt ut til alle studentar på 2. og 5. året. Kvart år er det totalt 65.000 studentar som deltek i undersøkinga.

Kvifor delta?

Å delta i undersøkinga er frivillig, men tala som kjem inn frå undersøkinga er viktig for det vidare arbeidet med studieprogrammet, slik at det blir bedre for deg som student. I tillegg blir resultata brukt på forsking om utdanningskvalitet

Det tek om lag 10 til 12 minutt å svare på sjølve undersøkinga. Du kan svare på mobil, nettbrett eller PC. Alle som svarar er med i trekning av 30 gavekort på opp til 5.000 kr.

Personvern

All informasjon som blir henta inn blir handsama konfidensielt og i samsvar med personvernregelverket. Det blir ikkje offentleggjort data som kan identifisere den enkelte student.

NOKUT – som er ansvarleg for undersøkinga – har fått tilgang til bakgrunnsdata om deg som student frå kvar enkelt institusjon.

Her finn du meir informasjon om du ønskjer å reservere deg mot å delta i undersøkinga, og om korleis du kan få sletta opplysningar om deg.

Kvar blir tala publisert?

Tala som kjem inn i undersøkinga vil bli publisert på http://www.studiebarometeret.no/ i slutten januar 2022.