Hjem
Studentsider

Kven gjeld sørviserklæringa for?

Sørviserklæringa gjeld for alle som har ein studieplass ved UiB. Den gjeld også for internasjonale studentar der den er relevant.

Hovedinnhold

Såframt det ikkje er utarbeidd eiga sørviserklæring, eller tilsvarande sørvisomtale inngår i studiekontraktar for etter- og vidareutdanningsstudentar, gjeld denne sørviserklæringa der den er relevant også for desse studentane.

Særlege rettar og plikter på mastergrad er nærmare omtalte i utdanningsplanen som ligg på Mitt UiB.

Erklæringa omtaler også rettar og plikter for dei som søkjer opptak ved UiB.

Erklæringa gjeld ikkje for eksamenskandidatar utan studierett.

Studentane sine juridiske rettar er gitt i lov og forskrifter og andre kjelder, m.a. UiBs reglement, og inngår ikkje i dette dokumentet.