Hjem
Studentsider

Sørviserklæringa om integrerte masterprogram og profesjonsutdanningar

Hovedinnhold

UiB tilbyr fleire profesjonsutdanningar og integrerte masterstudium. Eit integrert masterprogram gir direkte opptak til eit fem- eller seksårig studium. Eksempel på integrerte masterprogram er programma i rettsvitskap, odontologi, farmasi, og lærarutdanninga. Eksempel på profesjonsstudium er medisinstudiet som fører fram til graden cand.med., psykologstudiet som fører fram til graden cand.psychol., samfunnsøkonomi og fiskehelse.

Universitetets plikter og ansvar når det gjeld integrerte masterprogram og profesjonsutdanningar:

  • Å vedlikehalde eit studieopplegg i profesjonsstudia som er målretta og kvalifiserande for yrkesutøving  og vidare studium i den aktuelle profesjonen
  • Å tilby eit heilskapleg studium med fast studieplan, der heile studieløpet i hovudtrekk er ferdig planlagt frå universitetet si side
  • Å tildele vitnemål, inkludert eit internasjonalt vitnemålstillegg "Diploma Supplement", når du har gjennomført og greidd krava til programmet ditt.
  • Å leggje til rette for delstudium i utlandet som ein integrert del av graden
  • Å opplyse om permisjons- og fråversordningar

Universitetet forventar at du som student:

  • Rettar deg etter lover og forskrifter som gjeld
  • Stadfestar utdanningsplanen del II  kvart semester og fullfører semesterregistreringa
  • Søkjer om permisjon dersom du skal ha eit opphald i studiet
  • Tar kontakt med studierettleiar så snart som råd dersom du må gå ifrå den oppsette framdriftsplanen (utdaningsplan del II)