Hjem
Studentsider

Sørviserklæringa om studentvelferd

Hovedinnhold

Saman med universitetet tilbyr Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen) mange velferdsordningar for studentane: til dømes bustader, kantinar, idrett, rådgivingstenestar, studentprest, barnehagar, helsetenester (inkludert tannlege) og karriererettleiing.

Sammen sine plikter og ansvar når det gjeld studentvelferd:

  • Leggje til rette for lett tilgjengeleg informasjon om kor det er ledige bustader til ei kvar tid via SiB sine nettsider og ved oppslag
  • Tilby eit lett tilgjengeleg, ernæringsmessig riktig og rimeleg mattilbod
  • Ha eit tilbod som gir høve til fysisk trening og idrettsleg organisering 
  • Gi tilbod om sosialrådgiving og psykisk helseteneste, også på engelsk 
  • Ha ein fagleg oppdatert bokhandel som skaffar deg den pensumlitteraturen du treng
  • Drive barnehagar av høg kvalitet tilrettelagt for studentar
  • Leggje til rette for andre frivillige studentaktivitetar

Sammen forventar at du som student:

  • Følgjer dei retningslinjene som gjeld for leigeforhold i studentbustadene, og sjølv er med på å skape eit triveleg bumiljø
  • Ryddar etter deg i kantinar og fellesareal

Sammen tilrår at du som student:

  • Skaffar deg informasjon om dei relevante tilboda og fristar og reglar for desse
  • Viser ein positiv vilje til å ta vare på idrettsmiljøet ditt, både materielt og sosialt 
  • Tar kontakt med sosialrådgivar når du treng det