Hjem
Studentsider

Førebuande språkkurs

For å vere best mogleg budd på å studere på vertslandet sitt språk, vel mange av dei som reiser på utveksling til eit ikkje-engelskspråkleg land å følgje eit språkkurs i forkant av semesterstart.

Hovedinnhold

I mange tilfelle tilbyr universitetet ein skal studere ved eigne språkkurs til sine utvekslingsstudentar. I andre tilfelle må ein finne fram til språkkurs på eiga hand.

Språkkurs i vertslandet
Følgjer du eit språkkurs i forkant av semesterstart, som varer i minst 4 veker og har minimum 15 timar undervisning per veke, kan du søkje på Lånekassen sitt språkstipend. Språkkurset skal ein ta i det same landet som ein skal vere på utveksling. Lånekassens regelverk for støtte til språkkurs finn du her.

Spanskkurs på nett
For studentar som ønskjer å dra til eit spansktalande land kan nettkurset nocomprendo være ein god stad å starte. Kurset er gratis.